Til hovedinnhold

Import av gatehund og gatekatt

I praksis er det ikkje mogleg å hente gatehundar og gatekattar til Noreg. Unntaket er viss du har budd saman med dyret i seks månader før du reiser hit.

Publisert

Viss du kjem reisande med ein tidlegare gatehund eller gatekatt til Noreg, må du kunne dokumentere at du har eigd og budd saman med dyret i minst seks månader før du kjem til Noreg.

Gatehundar og gatekatt blir ikkje lenger rekna som handelsdyr, og du kan derfor ikkje bruke regelverket for kommersiell import for å hente slike dyr i utlandet.

I praksis betyr dette at det ikkje lenger er mogleg å hente gatehundar eller gatekattar frå utlandet.

Det er nokre unntak frå regelen

Forbodet mot å hente gatehundar eller gatekatt gjeld ikkje

  • for hundar og kattar som bur i Noreg, og som returnerer etter utanlandsopphald
  • når du kjøper av avlshundar, brukshundar eller avlskattar frå oppdrettarar i og utanfor EU/EØS. Slike dyr kan du ta med til Noreg, så lenge du har dokumentasjon som viser at dyra ikkje er gatehundar eller gatekatt. Slik dokumentasjon kan til dømes vere stamtavle.
  • for norske hundar eller kattar som har eit kjæledyrpass utskrive av veterinær i Noreg
  • for tidlegare importerte gatehundar og gatekattar som kan dokumenterast å ha vore innført lovleg til Noreg.

Dette blir rekna som gatehundar eller gatekattar

Gatehund og gatekatt er nemningar som dekkjer fleire typar hundar og kattar, mellom anna:

  • Hundar og kattar frå sheltere, inkludert hundar og kattar som blir omplasserte via fosterheimar
  • Eigarlause hundar og kattar
  • Hundar og kattar med ukjend bakgrunn