Klagesak

Behaldning av reinsefisk skal journalførast

Oppdrettarar som bruker reinsefisk, må alltid ha oversikt over kor mange reinsefisk det er i kvar merd.

Publisert
Avgjort dato
Saksnummer
2025/194773
Resultat
Ikke medhold

Bakgrunn

Verksemda sette ut ei kjent mengd leppefisk i merdar med laks, og hadde tilfredsstillande journalføring på merdnivå fram til dei starta utslakting og anna handtering av laksen. Leppefisken vart då fiska ut med teiner og flytta over i ny merd. Verksemda meinte det var teknisk vanskeleg å telle fisken i samband med flytting, og hadde difor ikkje kontroll på mengd leppefisk i dei ulike merdane resten av produksjonssyklusen. 

Vurdering

Ifølgje akvakulturdriftsforskrifta § 42 skal anlegget dagleg journalføre behaldninga av dei ulike artane på merdnivå. Dette gjeld frå fisken blir sett ut, og så lenge det er fisk i anlegget. Mattilsynet er klar over utfordringane med å ha ei nøyaktig oversikt over reinsefisk gjennom heile produksjonssyklusen, men meiner at tilstrekkeleg kontroll på talet på fisk på merdnivå er ein føresetnad for å gi reinsefisk best mogleg tilsyn og stell

Du kan be om innsyn i saken via eInnsyn 2025/194773 (einnsyn.no)

Konklusjon

Selskapet fekk ikkje medhald i saken.