Klagesak

Reinsefisk skal ha fôr tilpassa arten sine behov

Fleire selskap som brukar villfanga leppefisk til å kontrollere lakselus, har fôra fisken med knust laksefôr, krabbe eller annan villfanga fisk. Mattilsynet fatta vedtak om at selskapa skal bruke fôr som er tilpassa behova til leppefisken.

Publisert
Avgjort dato
Saksnummer
2025/194769 og 2025/208252
Resultat
Ikke medhold

Bakgrunn

Rett type og mengd fôr er avgjerande for å sikre god velferd hos reinsefisken. Selskapa har brukt knust laksefôr, krabbe og villfanga fisk som fôr. Den villfanga fisken blei brukt rå, kokt eller fryst

Vurdering

Klagesaksenheten vurderte om desse fôrkjeldene oppfylte krava i akvakulturregelverket.

Fôret skal vere samansett slik at det fremjar god helse og velferd, med heimel i § 27 i akvakulturdriftsforskrifta. Dette betyr at fôret må ha ei samansetjing som er eigna for arten, og innehalde rett mengd næringsstoff som protein, feitt, vitamin, mineral og andre sporstoff.

Selskapa kunne ikkje vise til informasjon eller allment tilgjengeleg kunnskap som gjer det sannsynleg at desse fôrkjeldene oppfyller krava i dette regelverket

Du kan be om innsyn i sakene via eInnsyn: 2025/194769 (einnsyn.no) og 2025/208252 (einnsyn.no)

Andre liknande saker er: 2025/194773 (einnsyn.no), 2025/197256 (einnsyn.no) og 2025/197255 (einnsyn.no)

Konklusjon

Selskapa fekk ikkje medhald i sakene.