Klagesak

Rognkjeks skal fôrast dagleg så lenge det er hensiktsmessig for fisken

Oppdrettarar som bruker rognkjeks, har ansvar for at fôringa dekker fisken sine behov for næring, og fremjar god helse og velferd hos rognkjeksa.

Publisert
Dato for avgjerda
Saksnummer
2025/72738
Resultat
Ikkje medhald

Bakgrunn

Verksemda fôra rognkjeksa tre gonger per veke og meinte dette var gunstig for å oppretthalde beiteeffekten mot lakselus og avgrensa tilveksten hos fisken. Dei meinte at rutinemessige undersøkingar på fisken viste at velferda til fisken ikkje vart påverka negativt.

Vurdering

Ifølgje akvakulturdriftforskrifta § 27 skal fisk normalt fôrast dagleg med mindre dette ikkje er hensiktsmessig for arten. I dyrevelferdslova § 24 står det at fôret skal dekke dyrets behov for næring og fremje god helse og velferd. Restriktiv fôring for å bremse tilveksten og auke beiteaktiviteten mot lus krev tilstrekkeleg vitskapleg dokumentasjon som viser at alle krav om fôring er ivaretatt.

Undersøkingar gjort i anlegget synte at ein del av rognkjeksa var avmagra, noko som tilseier at det er registeret velferdsmessige negative konsekvensar som sannsynlegvis skuldast ikkje tilstrekkeleg fôring. 

Konklusjon

Selskapet fekk ikkje medhald i saka.

Du kan be om innsyn i saka via eInnsyn: 2025/72738 (einnsyn.no)