Klagesak

Ved destruksjon av fisk skal velferda til fisken ivaretakast fram til døden inntreff

Ein slaktebåt vart nytta til destruksjon av større mengder fisk på eit matfiskanlegg. Då Mattilsynet inspiserte båten, kom det fram at det ikkje var rutinar for automatisk stopp i inntaket av fisk dersom bedøvingsanlegget ikkje gav tilstrekkeleg effekt.

Publisert
Avgjort dato
Saksnummer
2025/188495
Resultat
Endret

Bakgrunn

Fisken vart pumpa ut av merden og frakta i eit lukka røyrsystem til elektrobedøving direkte i vatnstraumen (våtbedøvar). Bedøvd fisk vart avliva med kverning. Dersom det oppstod ein funksjonsfeil og bedøvinga ikkje gav tilstrekkeleg effekt til å påføre fisken umiddelbart bevisstheitstap, hadde verksemda manuell stopp på inntaket av fisk. Sidan dette berre vart gjort manuelt, var det fare for at fisk bli avliva utan å vere tilstrekkeleg bedøvd. 

Vurdering

Klagesakseininga vurderte om det var rett å fatte vedtak om at inntaket av fisk skulle stoppe automatisk ved funksjonsfeil på bedøvar. 

Forskrift om slakterier og tilvirkingsanlegg for akvakulturdyr § 10 stiller krav til at fisken skal beskyttast mot unødige lidingar ved avliving og aktivitet i samband med dette. § 14 seier at all fisk skal vere tilstrekkeleg bedøvd når døden inntreff. Regelverket er funksjonsbasert og beskriver kva som skal oppnåast, ikkje korleis oppgåva skal gjennomførast. Klagesakseininga har vurdert at faren for dårleg fiskevelferd når fisk vert ståande i eit lukka røyrsystem vil vere stor, sjølv om anlegget stoppar automatisk. 

Klagesakseininga endra difor vedtaket til at verksemda skal iverksette og dokumentere nødvendige tiltak som sikrar at desse krava er oppfylte, både ved normal drift og i ein situasjon med driftsstans. 

Konklusjon

Selskapet fekk ikkje medhald i saken.

Du kan be om innsyn i saken via eInnsyn: 2025/188495 (einnsyn.no)