Når skal parfymestoff merkast?
I dag er det krav om merking av 24 parfymestoff som er særleg allergiframkallande. Kravet vil bli utvida til å omfatte til saman 80 stoff.
Det gjeld ei overgangsordning for dei nye stoffa.
Det betyr at dei som importerer, produserer eller sel kosmetikk med desse stoffa, må sørge for at produkta er merkte med at dei inneheld stoffet.
Etter krav i kosmetikkforskrifta skal desse stoffa bli namngitt i ingredienslista på produktet dersom konsentrasjonen er
- over 0,01 % i produkt som skyljast av (til dømes sjampo)
- over 0,001 % i andre produkt (til dømes krem)
Kva skal stå i ingredienslista?
Ein skal oppgji parfymestoffa med eit namn frå ei standardliste, INCI (International Nomenclature of Cosmetic).
Les meir om INCI og kvar du kan leite opp namna.
Dersom eit produkt inneheld ei parfymeblanding, skal både dei relevante parfymestoffa og "parfum" eller "aroma" stå i ingredienslista.
Dersom eit merkepliktig parfymestoff inngår som ein komponent i eit anna merkepliktig parfymestoff, skal begge oppgivast. Til dømes: "Linalool frå Lavandula oil."
For enkelte stoff blir det brukt ei samlenemning som omfattar fleire stoff i same gruppe. I slike tilfelle er det den samla konsentrasjonen av stoffa i gruppa som skal leggjast til grunn ved vurderinga av om terskelverdien er overskriden, og om merkekravet blir utløyst. Dette gjeld til dømes citral, som omfattar stoffa citral, geranial og neral.
Nye krav: fleire parfymestoff skal merkast
EU har bestemt at det skal bli påbode å merke 56 nye parfymestoff, fordi dei kan gi allergiske reaksjonar. Formålet er å gi forbrukarar betre moglegheit til å identifisere og unngå stoff dei er allergiske mot.
Når reglane trer i kraft, vil det vere krav om merking av til saman 80 parfymestoff.
Overgangsordning for nye stoff
Kosmetiske produkt som inneheld dei nye parfymestoffa, og som ikkje er i samsvar med dei nye merkekrava, kan
- plasserast på marknaden fram til 31. juli 2026
- gjerast tilgjengelege på marknaden fram til 31. juli 2028
Relevant regelverk
Merkekrava til dei opphavlege parfymestoffa følgjer av vedlegg III til kosmetikkforordninga (EF) nr. 1223/2009, som vidarefører tidlegare krav frå kosmetikkdirektivet. Dei nye stoffa er innførte ved kommisjonsforordning (EU) 2023/1545, som endrar vedlegg III.: kommisjonsforordning (EU) 2023/1545
I vedlegg III er dei aktuelle parfymestoffa oppførte med følgjande merknad i kolonne i) ("Ordlyd i bruksvilkår og advarsler"):
Forekomst av stoffet skal angis på listen over bestanddeler nevnt i artikkel 19 nr. 1 bokstav g) dersom konsentrasjonen overstiger
– 0,001 % i produkter som ikke skylles av
– 0,01 % i produkter som skylles av