Krav til solkrem

Publisert

Solkrem er regulert som kosmetikk i EU/EØS, og må oppfylle strenge krav for å kunne seljast. Her kan du lese om kva som krevst, både for at du skal forstå kva du kan forvente av produktet, og for å kunne sikre tryggleiken dersom du omset solbeskyttande produkt.

Verknad 

I 2006 gav Europakommisjonen ut anbefaling 2006/647/EF om betre solkremprodukt. Viktige krav er blant anna at: 

  • Produktet skal ha vern mot både UVA- og UVB-stråling. 
  • UVA-faktoren skal vere minst 1/3 av solfaktorverdien (SPF). 
  • Produktet skal ha breispektra vern, med ei kritisk bølgjelengd på minst 370 nm 

Les heile tilrådinga (2006/647/EF): COMMISSION RECOMMENDATION on the efficacy of sunscreen products and the claims made relating thereto (europa.eu)

Innhald 

Solkremar skal ikkje innehalde stoff som er forbodne i kosmetikk, og kan berre innehalde UV-filter som er godkjende i vedlegg VI til forordning (EF) nr. 1223/2009 om kosmetikk, med gjeldande grenseverdiar. 

Merking 

Solkremar skal merkast i tråd med artikkel 19 og 20 i kosmetikkforordningen, og følgje solkremanbefalinga frå EU, samt påstandsforordninga. Her er nokre eksempel: 

Ikkje tillate: 

  • Uttrykk som gir inntrykk av fullstendig vern, til dømes «sunblock» eller «total vern». 

Påkravd: 

  • Ei åtvaring om at produktet ikkje gir 100 % vern 
  • Råd om trygg bruk (til dømes at du ikkje bør vere lenge i sola sjølv om du bruker solkrem) 
  • Forklaring på korleis produktet skal brukast for å gi den beskyttelse som er gitt (mengde, påføringshyppigheit) 

Andre krav til merking, mellom anna krav til bruk av påstandar i kosmetikkregelverket, gjeld òg. Du kan lese meir om dette her: Merking av kosmetiske produkter | Mattilsynet.  

Dokumentasjon 

Produsenten, importøren eller ansvarleg person (RP) må leggje fram fullstendig dokumentasjon som viser at solkremen har det vernenivået som står på emballasjen.  

Dette inneber å inkludere alle kravde opplysningar i produktinformasjonsfila (PIF), den tilhøyrande vurderinga av tryggleik, og å leggje ved analyserapportar for SPF, UVAPF og kritisk bølgjelengd. Viss produktet blir marknadsført som vasstett, må du også dokumentere denne eigenskapen.  

Alle testar skal utførast etter anerkjende referansemetodar, for eksempel ISO 24444 for SPF og ISO 24443 for UVA-vern. 

Desse krava skal sikre at solkremar som blir selde i Noreg og i  EU/EØS, gir trygg og dokumentert beskyttelse mot UV-stråling. 

Les tilrådinga: COMMISSION RECOMMENDATION on the efficacy of sunscreen products and the claims made relating thereto (europa.eu)

Regelverk

  1. Forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter
  2. Forordning (EU) nr. 655/2013

Sida er ein del av denne rettleiinga: