Forbrukarar skal enklare få oversikt over farar i kosmetiske produkt
Mattilsynet skal oppdatere informasjon og rettleiing på nettsidene slik at det blir enklare for forbrukarar å få oversikt over moglege farar knytt til kosmetiske produkt.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette?
Kosmetikkmarknaden veks, og nettbaserte distribusjonskanalar gir fleire aktørar tilgang til marknaden. Det kan også føre til at fleire ulovlege produkt kjem på marknaden. Forbrukarane har derfor eit stort behov for å få rett og oppdatert informasjon om moglege farar knytte til kosmetiske produkt.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skal oppdatere informasjon på nettsidene våre, og bruke ulike kommunikasjonskanalar for å informere forbrukarane.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
Det er viktig at verksemder held seg oppdaterte på gjeldande regelverk og sørge for at produkta som dei omset er trygge, lovlege og merka korrekt i samsvar med regelverket.