Verksemder skal få betre rettleiing om kosmetikkregelverket

Mattilsynet skal forbetre rettleiinga av kosmetikkregelverket, slik at det blir enklare både for nye og etablerte aktørar å følge regelverket.

Publisert

Dette vil bidra til å sikre at forbrukarane får trygge produkt.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?

Kosmetikkmarknaden er i vekst, og vi ser at det kjem nye aktørar inn på den norske marknaden. Det er ei rekke reglar verksemdene må følge for å selje kosmetikk.

Derfor er det viktig at rettleiinga frå Mattilsynet er informativ og brukarvennleg slik at det blir enklare å forstå og følge regelverket.

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?

Vi vil gå gjennom og oppdatere rettleiinga, be om innspel frå verksemder og teste at rettleiinga vår er forståeleg og fungerer.

Sida er ein del av denne rettleiinga: