Kva er forskjellen på solkrem og andre produkt med solfaktor?
Mange kosmetiske produkt inneheld i dag solfilter, men det er stor forskjell på solkrem og andre produkt som berre inneheld SPF som ein tilleggsfunksjon. Her forklarer vi kvifor det er viktig å bruke solkrem når du skal vere ute i sola.
Kosmetikk med SPF
Fleire kosmetiske produkt, som hudkremer og sminke, er i dag tilsett solfilter for å gi ekstra vern i kvardagen. Dette er likevel ikkje ei god nok erstatning for bruk av solkrem.
Desse produkta har ikkje solbeskyttelse som hovudfunksjon. Hovudfunksjonen deira kan til dømes vere å tilføre fukt (hudkrem) eller å ha ei viss dekkevne (foundation). Slike produkt blir ofte brukte i mindre mengder enn solkrem, og berre smurte på om morgonen eller éin gong om dagen. Difor kan vernet i praksis bli lågare enn det oppgitte SPF-talet på produktet. Det blir heller ikkje stilt krav om vern mot UVA-stråling, minimum SPF, kritisk bølgelengde eller nødvendig informasjon til forbrukarane i slike produkt.
Sjølv om ein dagkrem eller sminke har SPF, bør du likevel bruke solkrem når du skal opphalde deg ute i sola over tid.