Svart hennatatovering kan gi sår og allergi

Høge konsentrasjonar av farge­stoff for at tatoveringa skal vare lenger og ha ein sterke farge, kan framkalle allergiske reaksjonar. I dei alvorlegaste tilfella er det nødvendig med akutt legehjelp og sjukehus­innlegging.

Publisert

Den opphavlege henna­fargen er raudbrun, men for å oppnå den svarte fargen på tatoveringa og for at ho skal vare lenger, blir det tilsett høge konsentrasjonar av farge­stoff, som til dømes PPD (paraphenyl­enediamine).

Denne forma for dekorering på huda må ikkje forvekslast med tatovering der tatoverings­farge blir injisert ned i huda.

Reaksjonar på huda

Ein typisk uønskt reaksjon på ei henna­tatovering viser seg vanlegvis etter eitt til tre døgn som sår, eksem, raude eller blærar på huda, men reaksjonar kan oppstå sjølv etter tolv døgn. Reaksjonane kan i nokre tilfelle vere så kraftige at det er behov for akutt legehjelp eller til og med sjukehus­innlegging.

Den svarte henna­fargen kan halde fram med å gi plager i fleire månader (i verste fall permanente helse­skadar) fordi fargestoffet blir verande i huda.

Sjølv om du ikkje reagerer på den svarte henna­fargen første gong du er i kontakt med han, har du vorte eksponert og kan risikere å få sterke reaksjonar neste gong du kjem i kontakt med farge­stoffet. Det kan til dømes skje via eit hårfarge­middel som inneheld PPD eller det svært like stoffet para­toluendiamin (PTD). Ein allergisk reaksjon etter ei eksponering for andre gong kan i tillegg vere alvorlegare enn reaksjonen ved første eksponering. Får du ein allergisk reaksjon, bør du bli undersøkt og behandla av lege. Det er viktig å få konstatert kva du reagerer på, slik at du kan unngå framtidig kontakt med stoffet og dermed ubehagelege reaksjonar.

Allergi du aldri blir kvitt

Har du først utvikla allergi mot PPD, blir du aldri kvitt han. Hårfarge­middel som inneheld PPD, skal i tillegg til å vere merkte med p-phenylenediamine i ingrediens­lista også bli merkte med åtvarings­tekst. Andre produkt som kan innehalde PPD, til dømes ein del svarte tekstil, trykk­fargar og lêr- og pelsfargar, er vanlegvis ikkje merkte. Det kan derfor vere vanskeleg å unngå farge­stoffet i dagleg­livet. I EU er det ulovleg å bruke PPD i henna­tatoveringar, men dei ulovlege fargane er likevel i bruk enkelte stader.

Viktige førehands­reglar for å unngå skadeleg henna­tatovering

  • Naturleg hennafarge varierer frå grøn-brun til brun. Viss fargen på blandinga er mørkare (nesten svart), er det høgst sannsynleg at farge­stoff er tilført blandinga.
  • Be om informasjon, gjerne opphavs­stad for henna­farge og ei liste over ingrediensane i henna­blandinga. Viss tatoverings­kunstnaren ikkje kan gi fullgode svar på desse spørsmåla, bør ein unngå å ta henna­tatovering.
  • Viss det blir oppgitt at henna­fargen kan fjernast etter berre ein times påføring, er det ei stadfesting på at dette er svart henna. Ved bruk av vanleg henna må denne vere påført huda så lenge som mogleg for å oppnå ein god kastanjer­aud farge på tatoveringa.