Sykliske siloksan D4, D5, D6
Siloksan er kjemiske silikonsamband som finst i mange typar kosmetiske produkt som sjampo, hårbalsam, ansiktskrem og bodylotion. Dei gir produkta ein fløyelsaktig konsistens, gjer dei enklare å smørje på kroppen og gjer huda mjuk og håret skinnande.
Dei sykliske siloksana oktametylsyklotetrasiloksan (D4), dekametylcyklopentasiloksan (D5) og dodekametylsykloheksasiloksan (D6) er miljøgifter som blir brotne langsamt ned i naturen og kan hope seg opp i levande organismar. D4 er i tillegg mistenkt å vere hormonforstyrrande og reproduksjonsskadeleg. Desse stoffa utgjer derfor ein trussel mot helse og miljø når dei blir sleppte ut i vatnet og atmosfæren.
Bruken av D4 og D5 i kosmetiske produkt som kan vaskast av, "rinse-off", er allereie regulert og har sidan 31. januar 2020 vore forbode i høgare konsentrasjonar enn 0,1 prosent.
D4 har også vore regulert i kosmetikkregelverket sidan 2019, og det er forbode i kosmetikk generelt fordi D4 er klassifisert som reproduksjonsskadeleg, Det er òg mistenkt for å kunne skade forplantingsevna.
16. mai 2024 vedtok EU å forby bruken av D4, D5 og D6 i blandingar til forbrukarar og profesjonelle, inkludert kosmetiske produkt generelt. Overgangstida er tre år, og dei nye reglane gjeld frå 6. juni 2027. Dette følger av kommisjonsforordning (EU) 2024/1328