Råd om tannbleiking til forbrukarar

Her er råda våre til deg som vil bleike tennene dine.

Publisert
  • Ta alltid kontakt med tannlege om du vil bleike tennene dine.
  • Bruk alltid kosmetiske produkt slik brukarrettleiinga seier.
  • Ikkje bruk kosmetiske produkt som manglar merking. Sjekk for eksempel om produktet har ei europeisk ansvarleg verksemd. Les meir om merking av kosmetiske produkt.

Dersom du som forbrukar har spørsmål om marknadsføring eller abonnementsavtalar for slike produkt, kan du vende deg til tvisteløysingsavdelinga til Forbrukartilsynet (forbrukertilsynet.no) eller Forbrukarrådet (forbrukerradet.no)

Kosmetikk og kroppspleieprodukt frå utlandet

Du som forbrukar er sjølv ansvarleg ved innførsel av kosmetikk og kroppspleieprodukt til privat bruk. Du bør vere klar over kva du kjøper og tenker å bruke. EU har eit strengare regelverk enn andre land. Noreg har igjen reglar og tilrådingar for norsk merking og enkelte ingrediensar. Produkt som blir rekna som ulovlege, kan bli stoppa av tollmyndigheitene ved innførsel til Noreg. Mattilsynet har tidlegare nedlagt omsetningsforbod på ei rekke ulike tannbleikemiddel.

Sida er ein del av denne rettleiinga: