Trimethylbenzoyl Diphenylphosphine Oxide (TPO)
Stoffet Trimethylbenzoyl Diphenylphosphine Oxide (TPO) er ikkje lenger tillate som ingrediens i kosmetiske produkt i EU/EØS.
Stoffet blei forbode å bruke i EU/EØS hausten 2025 som følge av endringar i kosmetikkregelverket. TPO har tidlegare vore tillate å bruke i blant anna produkt til kunstige negler. Stoffet er nå klassifisert som eit CMR-stoff, noko som betyr at det blir rekna som kreftframkallande, mutagent eller reproduksjonstoksisk. Når eit stoff får ei slik klassifisering, blir det automatisk forbode i kosmetiske produkt i EU/EØS, med mindre bransjen søkjer om unntak. Det har ikkje skjedd for dette stoffet.
Eigenskapar ved TPO
TPO er eit lysherdande fotoinitiatorstoff som blir brukt for å starte polymeriseringsprosessen i UV‑ og LED‑herdande negleprodukt. Det har vore populært i bransjen fordi det blant anna gir ei effektiv herdig.
Stoff med liknande namn
TPO må ikkje forvekslast med andre stoff med liknande namn.
To eksempel er TPO-L (Ethyl Trimethylbenzoyl Phenylphosphinate) og TMO ((2,4,6-trimethylbenzoyl) bis(4-methylphenyl)phosphine oxide), som er andre stoff enn TPO. TPO-L og TMO er per i dag ikkje omfatta av det same forbodet.
Det er verksemdene som har ansvar for å sikre at alle ingrediensane som blir brukte i kosmetiske produkt, oppfyller krava i regelverket og er trygge i bruk.
Meir informasjon om forbodet
EU‑kommisjonen har publisert ei eiga informasjonsside om forbodet mot TPO i kosmetiske produkt. Her blir bakgrunnen for regelverksendringa forklart, kvifor stoffet nå er klassifisert som eit CMR‑stoff, og korleis dette påverkar bruken av TPO i blant anna negleprodukt.
Les meir informasjonen frå EU-kommisjonen om TPO (single-market-economy.ec.europa.eu).