Blåsyre i linfrø
Linfrø inneheld cyanogene glukosid som kan frigjere blåsyre (hydrogencyanid, HCN) i magen. Kroppen skil ut noko av blåsyra, men for store mengder kan vere skadelege.
Når linfrø blir knuste eller malne, blir innhaldet meir tilgjengeleg for kroppen. Det aukar risikoen for å få i seg skadelege mengder blåsyre. Dersom knuste eller malne linfrø blir kokte eller tilberedte med varme og væske, vil noko av blåsyra forsvinne.
Livsmedelsverket i Sverige gir desse råda om knuste og malne linfrø:
- Vaksne kan ete knuste eller malne linfrø som er varma opp saman med væske, til dømes i graut eller brød.
- Vaksne bør ikkje ete meir enn éi spiseskei slike linfrø per dag.
- Barn bør ikkje ete knuste eller malne linfrø.
Livsmedelsverket opplyser også at éi til to spiseskeier heile linfrø per dag ikkje fører til forgifting hos vaksne.
Les meir: Cyanogena glykosider och vätecyanid (livsmedelsverket.se)