Bruk tørkepapir som er eigna for direkte kontakt med mat

Tørkepapir og kjøkkenrullar som blir brukte i kontakt med mat, bør vere produserte for dette formålet. Papiret bør vere merkt med glas- og gaffelsymbolet eller ha tekst som seier at det er eigna for direkte kontakt med mat.

Publisert

Om du bruker tørkepapir til å for eksempel tørke av kjøtt, fisk eller andre matvarer, er det viktig at dette ikkje gir frå seg potensielt helseskadeleg stoffar til maten. Sjekk derfor merkinga på pakken.

Tørkepapir og kjøkkenrullar som ikkje er merkte med at dei kan komme i kontakt med mat, kan for eksempel vere laga av resirkulert papp og papir. Slikt materiale kan innehalde helseskadelege stoff som tungmetall, restar av trykkfargar, lim og bisfenol A. Det er vanskeleg å vite kor pappen og papiret som blei brukt i resirkuleringa, kjem frå, og derfor veit ein heller ikkje kva det resirkulerte materialet kan innehalde.

Usikkerheita rundt innhaldet gjer det vanskeleg å vurdere om resirkulert papp og papir kan utgjere ein helserisiko. I dei fleste tilfelle vil ein likevel berre få i seg svært små mengder av dei potensielt helseskadelege stoffa.