Egg og salmonella

Salmonella i rå egg er ein fare i andre land i verda. Noreg er saman med Sverige, Finland og Danmark i ei særstilling når det gjeld fråvær av salmonella i egg.

Publisert

Norske egg som blir selde i butikk og som er pakka i kartong, er underlagt regel­verk om salmonella­garanti. I Noreg har vi god salmonella­status på egg, og derfor kan vi ete pakka norske egg rå.

Upakka egg

Upakka norske egg treng ikkje komme frå ei besetning som er underlagd salmonella­kontroll. Salmonella­statusen til desse egga er derfor usikker, dersom produsenten ikkje også leverer egg til egg­pakkeri. Usorterte egg blir selde uinnpakka på brett eller frå ei korg direkte frå gard, butikk eller marknad. Det er ikkje krav om sortering av uinnpakka egg.

Egg i andre land

I andre land er det vanlegare at egg inneheld salmonella, og det blir derfor ikkje anbefalt å ete rå egg og produkt med rå egg når du reiser utanlands. Salmonella blir drepen ved koking og steiking. Det er derfor viktig å gjennom­koke eller steike egg som ikkje er norske. Det vil seie at egget ikkje skal ha flytande plomme. Dette rådet gjeld ikkje pakka egg frå Sverige, Finland og Danmark, fordi desse landa har like strenge salmonella­krav til egg­produsentane sine som vi har i Noreg.

Du kan ta med egg til eige bruk frå EØS-land, så lenge du held deg innanfor tollkvoten.

Les meir om tollkvotane frå EØS-land på toll.no