Til hovedinnhold
Åtvaring

Ikkje et stor ferskvassfisk

Publisert

Gravide, ammande og små born under fem år blir åtvara mot å eta ferskvassfisk frå sjølvfangst i det heile.

abbor.jpg
Abbor over 25 cm kan innehalde helseskadelege mengder kvikksølv. Foto: Colourbox

På grunn av miljøforureining har visse typar ferskvassfisk innehalde helseskadelege mengder kvikksølv. Difor bør vi ikkje ete stor gjedde, abbor over ca. 25 cm, aure over éin kilo eller røye over éin kilo.

Åtvaringa er gitt på grunn av kvikksølvinnhaldet, men i somme tilfelle kan det også vere høge nivå av dioksin, dioksinliknande PCB og bromerte flammehemmarar i ferskvassfisk.

Fluorholdige stoff (PFAS) kan også vere eit problem i vatn og vassdrag nær brannøvingsfelt på flyplassar. Mattilsynet åtvarar mot å eta fisk frå ferskvatn og vassdrag i nærleiken av flyplassar