Naturleg er ikkje det same som trygt
"Naturleg" er eit ord som ofte blir brukt til å marknadsføre mat, og mange forbrukarar oppfattar slike varer som sunnare. Men det finst mange giftige stoff i naturen, så omgrepet "100 prosent naturleg" er ikkje nødvendigvis nokon garanti for trygg mat.
Mange forbrukarar er bekymra for stoff i maten. Først og fremst er det knytt til "kunstige" stoff – som tilsettingsstoff og plantevernmiddel som blir brukte ved produksjon av mat.
Produkt som blir marknadsførte som "naturlege", blir ofte ikkje oppfatta som like risikable eller farlege, sjølv om mange av naturen sine eigne stoff kan vere helseskadelege.
"Naturleg" mat er stort sett helsemessig trygt, men det betyr ikkje at dei ikkje inneheld stoff i mengder som kan vere skadelege for helsa, for eksempel muggsoppgifter i nøtter eller rosiner.
Tilsettingsstoff er nøye regulerte
Bruken av nokre stoff, for eksempel tilsettingsstoff, plantevernmiddel og legemiddel, er nøye regulert. Det betyr at kvart enkelt stoff er undersøkt, og at det er bestemt kva mengder som er helsemessig trygge. Mange såkalla "naturlege" alternativ er derimot ikkje regulerte, og forskinga på, og kunnskapen om, slike stoff er ofte mangelfull.
Tilsettingsstoff er tilsette av ein grunn. Det er ikkje slik at syntetiske stoff er "farlegare" enn naturlege stoff. Mange matvarer hadde ikkje blitt tillatne dersom dei skulle vore bedømte like strengt som tilsettingsstoff. Faktisk er det slik at mange stoff i naturen ikkje er tillate brukte som tilsettingsstoff, fordi stoffa ikkje er grundig undersøkte, og vi ikkje veit korleis dei vil påverke helsa.
Tilsettingsstoff er ikkje helseskadelege i dei mengdene som er tillatne i eit normalt kosthald. Dei er tilsette med eit føremål og berre i mengder som er helsemessig trygge. Produsentane passar nøye på ikkje å bruke for mykje tilsettingsstoff, og det gjer at vi reknar med at tilsettingsstoff ikkje utgjer ein risiko for folkehelsa.
Alle produkt som inneheld tilsettingsstoff, må merkast med kva tilsettingsstoff dei inneheld, og kva funksjon stoffet har i produktet. Det er dermed mogleg å velje bort produkt som inneheld tilsettingsstoff.
Grenseverdiar for plantevernmiddelrestar i mat
Stoffa som blir brukte i plantevernmiddel, er svært nøye undersøkte både med omsyn til akutte og kroniske helseeffektar.
Grenseverdiane for restar av plantevernmiddel blir fastsette på bakgrunn av kva som er nok til å gi god agronomisk verknad, og dei er lågare enn det som kan forårsake helseskade. Overskridingar av ein grenseverdi for plantevernmiddelrestar i ei vare vil derfor som oftast ikkje vere helsemessig urovekkande. Det er likevel ikkje tillate å omsette produkt med overskridingar av grenseverdien for restar av plantevernmiddel.
Naturlege gifter
Nokre av dei giftigaste stoffa vi veit om, blir danna naturleg i plantar, sopp eller bakteriar. Dei blir danna naturleg i mange organismar, ofte som eit ledd i forsvar mot uheldige omgivnader. Eksempel er solanin i poteter, lektin i belgfrukter, cyanid i bambusskot, kassava og bitre mandlar og gifter i storsopp. Andre biotoksin er algegifter, muggifter, planteøstrogen og histamin.
Fleire etande soppartar er giftige i rå tilstand og treng å bli forvella for å bli gode matsoppar. Både lektin i belgfrukter og cyanid i ulike matvarer kan fjernast ved koking utan lokk. Kokevatnet må kastast.
Enkelte naturlege gifter blir altså fjerna med varmebehandling, men mange av giftene er varmestabile og blir ikkje brotne ned ved koking. Eksempel på dette er algegifter og muggsoppgifter. Algegifter i marine skjel og krabbar kjem frå giftige algar i sjøen som skjel filtrerer. Blågrønalgar i ferskvatn kan innehalde fleire sterke gifter som kan infisere organismar som lever der, og drikkevatn.
Muggsopp kan danne giftstoff og forureine matvarer som korn, nøtter, tørka frukter, tørka kjøtt og anna. Giftene vil vere til stades sjølv om muggsoppen seinare er fjerna.
Naturlege gifter kan ha ei lang rekke ulike giftverknader, som diaré, oppkast og nedsett immunforsvar. Andre kan skade nyrene, påverke nervesystemet eller ha kreftframkallande eigenskapar.