Importørar av matkontaktmateriale har ansvar for at produkta dei innfører er trygge

I 2025 vil Mattilsynet m.a. rettleie om registreringsplikta og føre tilsyn med utvalde importørar

Publisert

Matkontaktmateriale er materiale eller gjenstandar som enten er i kontakt med mat, er berekna for å komme i kontakt med mat, eller med rimeleg grunn kan forventast å komme i kontakt med mat. Matkontaktmateriale blir brukte i alle ledd i heile matproduksjonskjeda.

Dei fleste matkontaktmateriala som blir omsette i Noreg er importerte.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025? 

Nokre matkontaktmateriale kan overføre stoff til maten som kan medføre helsefare.

Dei fleste matkontaktmateriala som blir omsette og brukte i Noreg er importerte. Mattilsynet har grunn til å tru at vi ikkje har oversikt over alle importørar av matkontaktmateriale. Vi trur at kravet om registrering er lite kjent blant importørane. 

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?

Vi vil rettleie om registreringsplikta til verksemder som ikkje er registrerte hos Mattilsynet. Vi vil også føre tilsyn med eit utval av importørane for å kontrollere om matkontaktmateriala har samsvarserklæring.

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente? 

Du kan få tilsyn av Mattilsynet. Vi vil be om opplysingar om kva du importerer. Vi vil også vurdere dokumentasjonen som følger matkontaktmateriala (samsvarserklæringa). 

Er du ikkje registrert hos Mattilsynet, kan du bli kontakta av Mattilsynet med informasjon om korleis du registrerer deg.

Viss du veit at verksemda di ikkje er registrert hos Mattilsynet, kan du sjølv sørge for å registrere henne ved å gå inn på Mattilsynets skjemateneste og velje skjemaet “Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossal av matkontaktmateriale”.