Importørar av matvarer skal kjenne regelverket og farane ved produkta dei importerer

I 2025 vil Mattilsynet legge større vekt på å støtte verksemder i å forstå risikoen ved matvareimport. 

Publisert

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?

Import av matvarer har endra seg over tid. Det blir også importert matvarer frå land som har andre krav til produksjonen enn det vi har i Noreg. Det kan også vere at vi bruker produkta på ein annan måte i Noreg, enn det dei var tiltenkte. Det er derfor viktig at importørane av matvarer forstår regelverket for import av matvarer og at dei er merksame på farane og utfordringane med dei ulike produkta.

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette? 

Mattilsynet vil gjere det enklare for verksemdene å vareta sitt ansvar for import av trygge matvarer. Eitt av Mattilsynets tiltak er derfor å gå gjennom og oppdatere informasjonen og rettleiinga vår om farane ved import.

Vi skal også ha kontrollar med importørar og visse grupper av produkt.

Mattilsynet lagar rettleiing slik at det er lettare for verksemdene å forstå krava

Enkel og lett tilgjengeleg rettleiing vil hjelpe importørane med å forstå krava i regelverket. Eit av tiltaka er derfor å gå gjennom og oppdatere nettsidene våre om korleis ein kan vurdere farane med import.

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?

  • Vi oppdaterer nettsidene med informasjon om korleis ein kan vurdere farar med import
  • Vi har etablert samarbeid med Tolletaten slik at vi kan samarbeide på ulike område.
  • Mattilsynet vil kontrollere den særskilde salmonellagarantien ved innførsel av kjøtt og egg.
  • Vi skal gjennomføre 100 dokumentkontrollar.
  • Vi skal gjennomføre kontroll av fysiske vareparti for å skaffe oversikt over salmonella i innførte egg og kjøtt.
  • Vi skal ha tilsynskampanje hos 100 importørar av vegetabilske produkt.