Kjøttverksemder som produserer rå farse og rå hamburgarar må sikre god hygiene

Mattilsynet vil i 2025 føre tilsyn med at kjøttverksemder følger regelverket og har tiltak for å unngå sjukdomsutbrot frå EHEC-bakteriar eller Salmonella i norsk kjøtt.

Publisert

Mattilsynet vil også undersøke om regelverket for import og samhandel innan EØS blir følgd.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?

Dette er eit framhald av arbeidet med skitne slaktedyr og slaktehygiene som blei prioritert i 2024, der vi prioriterer å sjekke rutinane i verksemdene for å unngå at kjøttet blir forureina med sjukdomsframkallande bakteriar.

Mattilsynet vil fokusere på tiltak verksemdene har for å unngå forureina råvarer som vil gjere sluttproduktet ueigna til forbruk. Kjøttråvarer som blir brukte til rå farse og hamburgarar blir kverna, så det er viktig at desse er minst mogleg forureina i utgangspunktet. Når kjøttstykka blir kverna, blir bakteriane på overflata jamt fordelte i heile produktet, noko som gir bakteriane gode vekstvilkår, og kort haldbarheit. 

Korleis jobbar Mattilsynet med dette?  

Mattilsynet vil gjere det enklare for verksemdene produsere trygge næringsmiddel. Eitt tiltak er å oppdatere informasjonen og rettleiinga vår om biologiske og kjemiske farar ved denne produksjonen. 

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente? 

Mattilsynet vil kontrollere heile kjeda for å sikre at bransjeretningslinjer er formålstenlege, at regelverket blir følgt, og at reglane for import og handel innan EØS blir overhalde.

Vi vil undersøke kva krav som blir stilte til råvarekvalitet med omsyn til tiltenkt bruk. Vi vil også sjå på fareanalysen til bedrifta, og tiltak for å sikre trygge råvarer. Vi vil sjekke at viktig informasjon om bruksvilkår, som varmebehandling, følger kjøttet heile vegen frå slakteri til nedskjeringsverksemder, til andre produsentar, til detaljistar, og ut til forbrukar. Dette gjeld både kjøttsorteringar og deigar/farsar.

Når verksemder har innført retningslinja "hygienisk varestraum", sjekkar vi også om rutinane er formålstenlege for å oppfylle krava.
 
Det vil gjennomførast digitale revisjonar av: 

  • Godkjente nedskjeringsverksemder for storfe, småfe 
  • Godkjente nedskjeringsverksemder for kvitt kjøtt 
  • Godkjente produksjonsverksemder som produserer rå hamburgar og tilbredt kjøtt (rå farse) 

Mattilsynet vil varsle og avtale tid på vanleg måte, når vi skal gjennomføre revisjon i verksemda di.