Til hovedinnhold

Definisjon av eit kosttilskott

Kosttilskott er næringsmiddel som er berekna til å supplere eit vanleg kosthald.

Publisert

Produkta skal vere konsentrerte kjelder av vitamin og mineral eller andre stoffar med ein ernæringsmessig eller fysiologisk effekt. Dei skal omsetjast i ferdigpakka og dosert form, og er berekna til å bli inntekne i små oppmålte mengder, som til dømes kapslar, pastillar, tablettar, piller, pulverposar, ampullar, dropeflasker og liknande former for væsker og pulver. Dette går fram av forskrift om kosttilskott.

Definisjonen blir delt opp i fire kriterium

Produktet må tilfredsstille alle fire punkta for å kunne bli definert som eit kosttilskott. Det finst ei rekkje produkt som ligg i grenseland mot kosttilskott, og det er ikkje alltid lett å definere om produktet er eit kosttilskott eller ikkje. 

  1. Kosttilskott er berekna til å supplere kosten. Eit normalt og variert kosthald gir under normale omstende alle næringsstoffa ein treng for normal utvikling og vidareføring av god helse. Forbrukarar kan på grunn av ein livsstil, sjukdom eller av andre grunnar ønskje å supplere inntaket av nokre næringsstoff. Kosttilskott har til formål å supplere kosthaldet, anten ved næringsstoff eller andre stoff med ernæringsmessig eller fysiologisk effekt.

    Kosttilskott skal supplere kosthaldet og samtidig vere konsentrerte kjelder til stoff. Dei skal derfor ikkje innehalde ei vesentleg energikjelde. Nemninga "kosttilskott" skal ikkje nyttast om energigivande produkt som måltidserstattarar for vektkontroll, såkalla energidrikker og sportsprodukt som t.d. gelar, proteinpulver, "barar", etc.

    Noreg har inga grense for energimengd pr døgndose i regelverket, men vi bruker 200kJ/50 kcal som ei rettleiande grense for tillaten mengd energi i eit kosttilskott.
     
  2. Kosttilskott skal vere konsentrerte kjelder av vitamin og mineral eller andre stoffar med ein ernæringsmessig eller fysiologisk effekt"

    For å sikre at kosttilskottet er eit reelt tilskott, skal produktet innehalde signifikante mengder av vitamin og mineral eller andre konsentrerte stoff som har ein ernæringsmessig eller fysiologisk effekt. Ein kan anten bruke isolerte og reine samband, eller ein kan bruke ei naturleg kjelde som har eit høgt innhald av eit eller fleire stoff.

    Ver merksam på at tilsetning av visse "andre stoff" til kosttilskott er regulert i forskrift 26. februar 2010 nr. 247 om tilsetning av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel.
     
  3. Kosttilskott skal omsetjast i ferdigpakka og dosert form. Produkt som blir selde i væske- eller pulverform må følgjast av ei måleskei slik at forbrukar er sikra rett dosering. Det er ikkje tilstrekkeleg å angi talet på ml eller gram per døgndose på forpakningen.
     
  4. Kosttilskott er berekna til å bli innteke i små oppmålte mengder, som til dømes kapslar, pastillar, tablettar, piller, pulverposar, ampullar, dropeflasker og liknande former for væsker og pulver" Det kan vere vanskeleg å setje ei eksakt mengd for kva som blir definert som "små oppmålte mengder". For flytande produkt skal "små oppmålte mengder" vere mindre enn dei mengdene ein vanlegvis inntek av ordinære drikkevarer. Ei anbefalt rettleiande maksimumsgrense er 50 ml per døgndose.

    Kosttilskott som blir omsett i pulverform skal stundom iht ei bruksrettleiing løysast opp i vatn før det blir innteke. Her skal det vere pulveret som er viktig og som skal vurderast i forhold til "små oppmålte mengder", ikkje vatnet. Når pulveret blir løyst opp i vatn (valfri mengd) skal ikkje vatnet ha noka anna hensikt enn å løyse opp pulveret for å kunne få pulveret i seg.

    Nokre drikker som blir selde i form av pulver, pulverpakkar eller tablettar, blir marknadsførte som kosttilskott. Slike produkt skal ofte løysast opp i større mengder vatn, mjølk e.l., og væska i seg sjølv blir innteken for å ha ein fysiologisk effekt i kroppen. Slike produkt vil då ikkje falle inn under definisjonen "små oppmålte mengder". Produkt som inneheld store mengder energi (kJ/kcal), tilfredsstiller heller ikkje definisjonen i punkt 1.

Regelverk

Forskrift om kosttilskudd