Til hovedinnhold

Råd ved kjøp av kosttilskott på nett

Når du kjøper kosttilskott og helsekost på nettet, bør du ta nødvendige førehandsreglar.

Publisert
  • Ikkje kjøp produkt frå nettsider utan kontaktinformasjon. Send gjerne ein test-e-post, og sjå om du får svar.

  • Ikkje stol på merkinga. Ulovleg tilsette legemiddel er sjeldan deklarerte.

  • Ver skeptisk til produkt som lovar kraftig og snarleg verknad. Kosttilskott skal verke sakte, og med svakare effekt enn legemiddel.

  • Sjå opp for falske utsegner som: "Eit raskt og effektivt universalmiddel", "Kan behandle og kurere sjukdommar", "Helt sikkert" eller "Har ingen biverknader".

  • Det finst mange giftige stoff i naturen. Ver derfor varsamt med uttrykket “naturleg”. Det betyr ikkje alltid det same som “sikkert”. At eit produkt er ”100 prosent naturleg” er ikkje nødvendigvis nokon garanti for at det er trygt.

  • Det er ingen garanti for at produkt som ikkje kan hjelpe deg, ikkje kan skade deg.

  • Har du ein sjukdom, bruker medisinar, eller skal gjennom ein operasjon, må du spørje legen din før du byrjar å ta kosttilskottet. Enkelte kosttilskott kan forverre sjukdommen eller vere uheldig å ta saman med medisinane.

Mattilsynet tek berre stikkprøvar ved mistanke

Mattilsynet førehandsgodkjenner ikkje kosttilskott 

Marknaden for kosttilskott omfattar alt frå helsekostbutikkar og ulike nettsider, til «homeparties» og postordresal. Mattilsynet undersøkjer produkt og distributørar der det er mistanke om juks, på same måte som politiet berre etterforskar personar dei mistenkjer er kriminelle. Marknaden er stor og uoversiktleg, og forbrukarane har all grunn til å vere skeptiske.