Dette gjer Mattilsynet når vi vurderer søknaden

Mattilsynet sjekkar at søknaden inneheld dei opplysingane som er naudsynte for å kunne behandle søknaden.

Publisert

Ved behov vil vi be om meir informasjon innan ein gitt tidsfrist.

Dersom vi ikkje mottar dei nødvendige opplysningane innan fristen, avsluttar vi saka med vedtak om avslag. 

Mattilsynet gjennomfører minst ein fysisk inspeksjon før godkjenning

Når vi har nok opplysningar til å vurdere søknaden om godkjenning, avtaler og gjennomfører vi ein fysisk inspeksjon. Vi vil då undersøke om verksemda oppfyller krava til godkjenning og avklare eventuelle spørsmål knytta til godkjenningssøknaden. 

Etter inspeksjonen får du ei oppsummering av observasjonane våre, ei såkalla tilsynskvittering. 

Dette ser vi etter: Mattilsynet si sjekkliste som brukast ved godkjenning 

Dersom Mattilsynet etter inspeksjonen vurderer at krava er oppfylt, får nye verksemder som hovudregel ei tidsavgrensa, førebels godkjenning.

Nye verksemder får som hovudregel først ei førebels, tidsavgrensa godkjenning 

Dette er ei godkjenning som kan gis inntil 3 månader om gangen. For fartøy som segler under norsk flagg, er tida avgrensa til 6 månader. 

I perioden verksemda har førebels godkjenning, kan du produsere næringsmiddel, prøve ut styringssystemet og utføre naudsynte endringar. 

Før perioden med førebels godkjenning er over, må du søke om godkjenning på ny

Du må søke i god tid før datoen den vilkårsbundne godkjenninga går ut. Dette er viktig, for når den førebelse godkjenninga er utgått, har du ikkje lenger lov å produsere og omsetje varene. 

Du kan søke om ny godkjenning via e-post til Mattilsynet sitt lokale kontor, eller via Mattilsynet si skjemateneste. Mattilsynet vil deretter gjennomføre ein ny kontroll. Kontrollen kan være i form av ein ny inspeksjon eller ein dokumentkontroll. 

Etter søknadsbehandling og kontroll vil Mattilsynet enten gi: 

  • Endeleg godkjenning når alle krava i regelverket er oppfylt. Godkjenninga er ikkje tidsavgrensa.
  • Forlenging av førebels godkjenning dersom det er grunn til å tru at du vil oppfylle krava innan ny tidsfrist. Forlenging av førebels godkjenning kan gis for nye 3 månader. Det vil seie at førebels godkjenning ikkje kan vare lenger enn 6 månader til saman. Unntaket er fabrikkskip og frysefartøy, som kan få forlenging i 6 månader.
    Verksemder som er gitt forlenging må igjen søke på nytt før sluttdato. Mattilsynet vil vurdere å gjennomføre ein ny kontroll før sluttdatoen, for å undersøke om krava til godkjenning er oppfylt.
  • Avslag på søknaden om godkjenning dersom du ikkje oppfyller alle krava i regelverket. Du må då innstille drifta frå sluttdatoen for den førebelse godkjenninga. 

Godkjenningsnummer

Alle verksemder som har fått vilkårsbunden eller endeleg godkjenning, får tildelt eit godkjenningsnummer frå Mattilsynet. 

Verksemda vil då stå på Mattilsynet si liste over godkjende verksemder.