Gebyr

Du må betale gebyr for å få behandla ein godkjenningssøknad. 

Publisert

Gebyret skal betalast ved avslutta behandling, det vil seie: 

  • når ei godkjenning er innvilga 
  • når ein søknad er avslått 
  • når søknadsbehandlinga er avbrote på grunn av forhold hos verksemda 

Forskrifta angir maksimalt gebyr, det vil seie at du ikkje skal betale meir enn den satsen som står i forskrifta vedlegg 1 kapittel II.

Dersom Mattilsynet har brukt mindre tid på saksbehandlinga, kan gebyret bli sett lågare. 

Du skal ikkje betale eit eige gebyr for vilkårsbunden godkjenning, men når gebyret blir rekna ut etter at saka er avslutta, blir tidsbruken på vilkårsbunden godkjenning også rekna med. 

Regelverk