Godkjenning av næringsmiddelverksemd
Produserer du animalske næringsmiddel, er hovudregelen at du skal ha godkjenning.
Animalske produkt er laga av kjøtt, sjømat, mjølk og egg. Eit animalsk produkt med små mengder tilsetjingar av vegetabilar er framleis animalsk.
Sidan animalske matvarer kan vere ein større risiko for folkehelsa enn andre matvarer, skal Mattilsynet godkjenne verksemdene som produserer desse.
Når verksemda er godkjent, kan du omsette produkta dine fritt i heile Noreg og EU/EØS-området. Du får tildelt eit godkjenningsnummer som du må bruke i identifikasjonsmerket på alle emballerte produkt. Verksemda vil då stå på lista over godkjende verksemder.
Krav som må vere oppfylte før du søker om godkjenning av ny næringsmiddelverksemd
For at ei næringsmiddelverksemd skal bli godkjent, må det følgjande vere på plass:
- eigna lokale
- utstyr til å produsere trygge næringsmiddel
- eit system for mattryggleik, som viser at de har styring med grunnføresetnadane (til dømes reinhald, vedlikehald, skadedyrkontroll), har innført HACCP og har rutinar for sporing ;mv.
Alle som produserer næringsmiddel, må følgje ei rekkje regler som skal sikre at næringsmidla som blir omsette, er trygge. Krav til hygiene er først og fremst gitt i animaliehygieneforskrifta og næringsmiddelhygieneforskrifta.
Korleis du søker, og kva søknaden skal innehalde
I søknaden skal du gi opplysingar om verksemda og om kva slags næringsmiddel du vil produsere.
Du skal opplyse kva du driv med, i form av aktivitetar og produksjonsformer. Aktiviteten beskriv på eit overordna nivå kva du produserer, mens produksjonsformene gir ei meir detaljert skildring av produksjonen. Informasjon om verksemda og produksjonsformene går fram av Mattilsynet si liste over godkjende verksemder.
Søknaden skal innehalde
- verksemda sitt styringssystem for mattryggleik, basert på HACCP-prinsippa
- planteikningar av lokala som viser plassering av vesentleg produksjonsutstyr, vare- og personalflyt med vidare
- annan dokumentasjon som er relevant (antal tilsette, produksjon med vidare)
- dokumentasjon av vasskvalitet (dersom ein har eiga vasskjelde)
Styringssystemet for mattryggleik skal beskrive kven som er ansvarleg, korleis systemet skal fungere, og verksemda sine rutinar for grunnføresetnader. Aktuelle produksjonar skal vere skildra, og fareanalyse skal vere utført for desse.
FSMS-HACCP rettleiar for gjennomføring av styringssystem for mattryggleik
Dette gjer Mattilsynet når vi vurderer søknaden
Mattilsynet sjekkar at søknaden inneheld dei opplysingane som er naudsynte for å kunne behandle søknaden.
Ved behov vil vi be om meir informasjon innan ein gitt tidsfrist.
Dersom vi ikkje mottar dei naudsynte opplysningane innan fristen, avsluttar vi saka med vedtak om avslag.
Mattilsynet gjennomfører minst ein fysisk inspeksjon før godkjenning
Når vi har nok opplysningar til å vurdere søknaden om godkjenning, avtaler og gjennomfører vi ein fysisk inspeksjon. Vi vil då undersøke om verksemda oppfyller krava til godkjenning, og avklare eventuelle spørsmål knytta til godkjenningssøknaden.
Etter inspeksjonen får du ei oppsummering av observasjonane våre, ei såkalla tilsynskvittering.
Dersom Mattilsynet etter inspeksjonen vurderer at krava er oppfylte, får nye verksemder som hovudregel ei tidsavgrensa, førebels godkjenning.
Nye verksemder får som hovudregel først ei førebels, tidsavgrensa godkjenning
Dette er ei godkjenning som kan gis inntil 3 månader om gongen. For fartøy som segler under norsk flagg, er tida avgrensa til 6 månader.
I perioden verksemda har førebels godkjenning, kan ho produsere næringsmiddel, prøve ut styringssystemet og utføre naudsynte endringar.
Før perioden med førebels godkjenning er over, må du søke om godkjenning på ny
Du må søke i god tid før datoen den førebelse godkjenninga går ut. Dette er viktig, for når den førebelse godkjenninga har gått ut, har du ikkje lenger lov å produsere og omsetje varene.
Du kan søke om ny godkjenning via e-post til Mattilsynet sitt lokale kontor eller via Mattilsynet si skjemateneste. Mattilsynet vil deretter gjennomføre ein ny kontroll. Kontrollen kan vere i form av ein ny inspeksjon eller ein dokumentkontroll.
Etter søknadsbehandling og kontroll vil Mattilsynet enten gi
- endeleg godkjenning når alle krava i regelverket er oppfylte. Godkjenninga er ikkje tidsavgrensa.
- forlenging av førebels godkjenning dersom det er grunn til å tru at du vil oppfylle krava innan ein ny tidsfrist. Forlenging av førebels godkjenning kan bli gitt for nye 3 månader. Det vil seie at førebels godkjenning ikkje kan vare lenger enn 6 månader til saman. Unntaket er fabrikkskip og frysefartøy, dei kan få forlenging i 6 månader.
Verksemder som er gitt forlenging, må igjen søke på nytt før sluttdato. Mattilsynet vil vurdere å gjennomføre ein ny kontroll før sluttdatoen for å undersøke om krava til godkjenning er oppfylte. - avslag på søknaden om godkjenning dersom du ikkje oppfyller alle krava i regelverket. Du må då innstille drifta frå sluttdatoen for den førebelse godkjenninga.
Godkjenningsnummer
Alle verksemder som har fått førebels eller endeleg godkjenning, får tildelt eit godkjenningsnummer frå Mattilsynet.
Verksemda vil då stå på Mattilsynet si liste over godkjende verksemder.
Brukarrettleiing for pålogging til Mattilsynet sine skjematenester
Gebyr
Nye verksemder skal som hovudregel ha ei tidsavgrensa godkjenning før dei får endeleg godkjenning. Når du har fått tidsavgrensa godkjenning, må du søke om godkjenning på nytt før den tidsavgrensa godkjenninga går ut. Tidsavgrensa godkjenning kan bli gitt inntil to gonger før endeleg godkjenning eller avslag.
Du skal betale gebyr for kvar avslutta saksbehandling, det vil seie
- når ei godkjenning er innvilga
- når ei tidsavgrensa godkjenning er innvilga
- når ein søknad er avslått