Korleis du søker og kva søknaden skal innehalde
Søknad om godkjenning av verksemd sender du til Mattilsynet via våre skjematenester i Altinn.
I søknaden skal du gje opplysingar om verksemda og om kva slags næringsmidlar du vil produsere. Du skal opplyse kva du driv med i form av aktivitetar og produksjonsformer. Aktiviteten beskriv på eit overordna nivå kva du produserer, mens produksjonsformene gir ei meir detaljert skildring av produksjonen. Informasjon om verksemda og produksjonsformene går fram av Mattilsynet si liste over godkjende verksemder.
Søknaden skal innehalde:
- Verksemda sitt styringssystem for mattryggleik, basert på HACCP-prinsippa
- Planteikningar av lokala som viser plassering av vesentleg produksjonsutstyr, vare- og personalflyt mv.
- Annan dokumentasjon som er relevant (antal tilsette, produksjon mv.)
- Dokumentasjon av vasskvalitet (dersom ein har eiga vasskjelde)
Styringssystemet for mattryggleik skal beskrive kven som er ansvarleg, korleis systemet skal fungere, og verksemda sine rutinar for grunnføresetnader. Aktuelle produksjonar skal vere skildra, og fareanalyse skal vere utført for desse.
Sjå FSMS-HACCP rettleiar for gjennomføring av styringssystem for mattryggleik
Registrering av næringsmiddelverksemd
Du skal vere registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du importerer, håndterer, lagrar eller omset næringsmiddel.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynet si skjemateneste.
Skjemaet skal også brukast dersom du vil utvide aktiviteten i ei allereie eksisterande verksemd og starte med ein ny aktivitet som ikkje er registrert.