Mat i barnehagar
Barnehagar som serverer mat, blir rekna som ei næringsmiddelverksemd. Det blir da stilt ei rekkje krav for å sikre at maten er trygg.
Immunforsvaret hos barn er ikkje fullt utvikla, og derfor blir dei lettare sjuke enn vaksne. Nokre matborne smittestoff gir vanlegvis ikkje alvorleg sjukdom hos friske personar, men kan ha alvorlege konsekvensar for personar med lågt immunforsvar, som for eksempel barn. Derfor er det viktig at maten i barnehagen er trygg å ete, og at matvarene de serverer, er eigna for små barn.
Verksemda er sjølv ansvarleg for å innreie og drive i samsvar med regelverket.
Kva krav som blir stilte til hygiene i barnehagen, kjem an på kva slags mat som blir laga, og kor mange barn som får servert maten. Viss det berre blir laga enkel brødmat og posesupper, er det færre krav til internkontroll og opplæring av dei tilsette enn viss det er meir omfattande matlaging.
Korleis behandle mat på frukost- og lunsjbord
Matvarene må ikkje bli forureina, og dei må bli oppbevarte slik at kvaliteten blir halden oppe. Bakteriar kan blomstre opp når maten står på bordet. Oppbevaring i romtemperatur vil derfor redusere haldbarheita til matvarene.
Kjøtt- og fiskepålegg er meir utsett enn ost. Viss maten blir eten innanfor haldbarheitsdatoen, er det vanlegvis ikkje farleg å servere det same pålegget fleire gonger, så lenge det ikkje står lenge på bordet.
Arbeidsklede
Bruk forkle når de lagar mat. Den som handterer mat, har eit sjølvstendig ansvar for at maten ikkje blir forureina under tillaginga. Derfor må dei som lagar mat, ha god personleg hygiene og bruke reine og eigna klede.
Arbeidsklede skal verne maten, ikkje den tilsette mot forureining. Bruk derfor andre arbeidsklede ved handtering av mat enn ved andre oppgåver, som for eksempel omsorg for barn.
Temperaturkontroll i kjøl og frys
Det er de sjølve som avgjer om temperaturen skal kontrollerast, og kor ofte det skal skje. Ei uregjerleg kjøle- og fryseinnretning kan krevje meir kontroll og oppfølging enn tilsvarande utstyr med stabil og jamn drift. De gjer ikkje desse kontrollane for Mattilsynets skuld, men som eit ledd i eiga styring og kontroll av komponentar, gjenstandar og gjeremål som er viktige for mattryggleiken. Ein vanleg feil er å gjere målingane utan plan og hensikt. Da går dei fleste lei etter kort tid. Rådet er å gjere det hyppig eller sjeldan nok til at de kan gå god for at kjølekjeda er intakt.
Temperatur er viktig for å unngå uønskt vekst av bakteriar. Regelverket pålegg deg derfor å sikre at kjølekjeda blir halden ved like. Dette er ein del av internkontrollen. De må også utføre jamlege kontrollar for å sikre at dette kravet er oppfylt.
Internkontroll
Internkontroll betyr at de har styring og kontroll på alle viktige arbeidsoppgåver som har noko å seie for mattryggleiken. Dette gjeld blant anna krav til råvarer, temperaturar, reinhald og personleg hygiene.
Internkontrollen skal sikre at det er etablert faste rutinar for viktige arbeidsoppgåver, slik at slump ikkje avgjer korleis arbeidet blir utført. Det er også ein del av internkontrollen å sjekke at rutinane fungerer, og vurdere om det er behov for å gjere endringar.
Internkontroll inneber å ha oversikt over arbeidsoppgåvene og sikre systematisk gjennomføring. Internkontroll er det motsette av slump og er ein kontinuerleg forbetringsprosess. Start med dei rutinane de allereie har, og gjer det enkelt nok til at de har god oversikt, kontroll og styring.
Vasskvalitet
Vatnet de bruker, skal ha drikkevasskvalitet. Viss barnehagen er tilknytt eit offentleg eller privat vassverk, er det vassverket som skal sørgje for vasskvaliteten. Følg med på varsel og informasjon frå vassverket.
Viss barnehagen har eiga vassforsyning, er eigaren av barnehagen også ein vassverkseigar etter drikkevassforskrifta og må følge krava som gjeld i forskrifta. Mattilsynet har utarbeidd eit informasjonsskriv som beskriv krava for dei minste vassforsyningssystema. Her finn de nyttig informasjon om forureiningsfarar og behandling av råvatn, og om kva prøver og analysar som må gjennomførast. De må sørge for at vassforsyningssystemet er registrert hos Mattilsynet. De kan registrere systemet via Mattilsynets nettside.
Sjå meir om krava til barnehagar i denne rettleiaren
Meldeplikt for serveringsstader
Barnehagar med matservering skal vere registrerte hos Mattilsynet.
Registrer matbedriften din hos Mattilsynet
Driver du med produksjon, import, lagring, håndtering eller salg av næringsmidler? Da må du registrere eller søke om godkjenning av virksomheten hos Mattilsynet. Dette gjelder også butikker.
For å registrere virksomheten bruker du skjemaet «Ny matbedrift».
Bruk også skjemaet dersom du skal utvide en eksisterende virksomhet med en ny aktivitet som ikke er registrert fra før.
Les brukerveiledningen for pålogging til Mattilsynets skjematjenester
Gå til Mattilsynets skjematjeneste for å registrere virksomheten