Til hovedinnhold

Slik kan matindustrien levere data til Matvaretabellen

Matindustrien kan levere data om sine produkt til Matvaretabellen dersom visse krav er oppfylt.

Fagleg oppdatert

Matvaretabellen.no tilbyr kvalitetssikra data om innhald av energi og næringsstoff i matvarer.

Korleis kan du levere data til Matvaretabellen?

Mattilsynet kan ta imot både analyseverdiar og berekna verdiar. Om mogleg ønsker vi òg informasjon om kva for næringsstoff som er berika. Sjå kravspesifikasjonen nedanfor for meir informasjon om krava våre. Det er frivillig å levere data.

Du kan sende data til Matvaretabellen på e-post til matvaretabellen@mattilsynet.no.

Format for innsending av data er valfritt, men du kan bruke malen om du ønsker det.

Krav til dataene i Matvaretabellen

Kven brukar dataene?

Matvaretabellen brukast blant anna av forbrukarar, matindustrien, matforvalting, utdanningssektor, fagfolk innan ernæring og helse og forskarar. Dataene i Matvaretabellen brukast òg i kostberekningsverktøyet «Kostholdsplanleggeren» og inngår som del av datagrunnlaget i dei nasjonale kosthaldsundersøkingane.

Kostholdsplanleggeren (kostholdsplanleggeren.no)

Tabellen inneheld data om 50 næringsstoff i om lag 2 000 matvarer. Det publiserast ein ny versjon av Matvaretabellen årleg. Mattilsynet eig og driftar Matvaretabellen. 

Hovudkjelder til dataene

  • Mattilsynets analysar av matvarer
  • Data levert av matindustrien
  • Berekna data, til dømes frå oppskrifter
  • Lån av data frå andre lands matvaretabellar eller frå eksterne analyseprosjekt

Utvalet av matvarer i Matvaretabellen

Utvalet av matvarer i Matvaretabellen skal spegle det som finst på den norske marknaden. Det er både råvarer, berekna oppskrifter og prosesserte matvarer. Dei fleste matvarene er generiske, men for nokre matvaregrupper inkluderer vi produktnamn eller produsentnamn i matvarenamnet.

Desse matvaregruppene inkluderast ikkje i Matvaretabellen:

  • Matvarer som har vore på marknaden i mindre enn eitt år
  • Matvarer som ikkje vert seld i daglegvarebutikkar 
  • Medisinske næringsmiddel