Skip to main content

Giardia

Giardia er ein protozo (eincella organisme) som kan smitte gjennom forureina mat og vatn. Parasitten finst hos menneske og kanskje ulike dyreartar. 

Publisert

Parasitten er vanleg i utlandet, og mange blir smitta utanlands. I Noreg hadde vi eit stort utbrot i Bergen i 2004, der mange vart sjuke etter inntak av forureina drikkevatn.

Drikkevatn

Parasitten Giardia finst i eit lågt tal i mange drikkevasskjelder. Det er gjort ei risikovurdering av drikkevatn (vkm.no) i 2009 som viser liten fare for å bli sjuk av parasittar via drikkevatnet.

UV-bestråling drep parasitten, og mange vassverk har installert UV-bestråling etter hendinga i Bergen.

Lenkar til andre

Giardiasis – rettleiar for helsepersonell (fhi.no)

Giardia duodenalis – om parasitten (vetinst.no)