Til hovedinnhold

Kveis

Kveis er samleomgrepet på ein type parasittar ein kan finne i villfisk frå sjøen. Kveis er ein type rundorm som vanlegvis set seg på innvolane til fisken. Av og til vil dei også kunne gå inn i fiskekjøttet, og då kan kveis utgjere ein viss helsefare for menneske som et fisken.

Publisert

Kveis døyr ved steiking, koking, tørking, sterk salting eller frysing. Det er derfor krav om at fisk som skal etast rå eller nesten rå skal frysast før konsum. For oppdretta fisk er det gjort eigne vurderingar, og oppdretta atlantisk laks og regnbogeaure er fritatte frå kravet om frysing. For meir informasjon. sjå oppdretta laks og regnbogeaure har ikkje krav om frysing.

Lenker til andre

Fakta om kveis og anisakis simplex (vetinst.no)