Tips for utforming av nasjonale retningslinjer for god hygienepraksis
Korleis kan bransjen forme ut ei nasjonal retningslinje for god hygienepraksis? Her er nokre praktiske råd og tips.
Det er ikkje fastsett korleis ei nasjonale retningslinje skal formast ut, eller om den skal vere elektronisk eller i papirformat. Likevel er det ein del punkt det er nyttig å ta omsyn til.
Målgruppe for retningslinja
Det bør komme klart fram kven målgruppa er.
Tilvising til hygieneregelverk
Skriv tydeleg kva regelverk (næringsmiddelhygieneforskrifta og eventuelt animaliehygieneforskrifta) som er inkludert. I teksten der de beskriv tolkinga dykkar av regelverket, er det formålstenleg å vise til dei konkrete regelverkskrava det gjeld.
Innleiing
Retningslinja bør ha ei innleiing som fortel om utarbeidinga av retningslinja og kvifor dette arbeidet blir sett i verk.
De bør beskrive kva formålet med retningslinja er.
Omfanget
Næringsmiddelsektoren og type verksemd som er dekt, bør komme tydeleg fram. Kva næringsmiddel eller grupper av næringsmiddel inngår, og i kva del av næringsmiddelkjeda? Dekker det meir enn ein del av næringsmiddelkjeda, for eksempel produksjon, bearbeiding og distribusjon?
Bruk av retningslinja
De bør fortelje om heile styringssystemet for mattryggleik er omfatta, eller om retningslinja berre er retta mot spesielle delar av systemet.
Retningslinja bør forklare korleis krav til god hygienepraksis og framgangsmåtar for HACCP-prinsippa kan innfriast.
Kva skal verksemda sjølv vurdere og validere av metodikk og tiltak? For eksempel må fareanalysar alltid tilpassast kvar enkelt verksemd eller aktivitet.
Form og innhald
Bransjen bestemmer kva utforming som passar best til formålet. Legg vekt på at retningslinja skal vere oversiktleg og anvendeleg for brukar. Beskrivingane bør ha ei detaljeringsgrad som er formålstenleg å bruke i verksemdene. Ver klar over valet mellom det generelle og det spesifikke. Formuler så langt som mogleg eigne tekstar som er tilpassa temaet og dei som skal bruke retningslinja.
Klargjer kva som siktar ein til med omgrepa «skal» og «bør».
Unngå å kopiere frå litteratur og andre kjelder som gjer at retningslinja får preg av «lærebok». Hugs alltid å oppgi kjelder og referansar.
Dokumentasjonen bør vere skriven i eit klart språk tilpassa bransjen, slik at han blir forstått av målgruppa .