Krav til dokument ved transport

Det er ikkje lengre krav om at eit eige dokument (handelsdokument) skal følge vara for å kunne identifisere henne. Det er likevel eit krav om at produkta skal kunne sporast.

Publisert

Formålet med sporbarheit er å kunne spore opp kor eit produkt kjem frå, viss ein har behov for det, for eksempel viss produktet skulle vise seg å innehalde farleg smitte eller parasittar.

Det er opp til kvar enkelt verksemd å sikre sporbarheita for produktet sitt. Namn og adresse til driftsansvarleg for både mottakar og leverandør av vara skal vere kjent. Ved å nytte "eitt steg tilbake, eitt steg fram"-prinsippet er det mogleg for begge partar å identifisere leverandørane og kundane sine.

For å sikre trygg mat til forbrukarane er det viktig at kvart ledd varetar sin del av ansvaret. Krava til internkontroll skal gjere det enklare for transportørar å oppfylle krava i regelverket. At føresegnene om transport er oppfylte i praksis, kan blant anna skje gjennom nødvendig dokumentasjon frå involverte aktørar.