Ulike transportmiddel
Oversikt over reglar for bruk av ulike transportmiddel til frakt av næringsmiddel.
Spesialtransport
Føresegner for enkelte spesialtransportar i tankar, konteinarar osb. kjem fram av næringsmiddelhygieneforskrifta. Utgangspunktet er at transportutstyr av denne typen skal vere reserverte for matvarer.
For bulktransport av oljer, feittstoff og råsukker på sjøgåande fartøy er det gjort eit unntak frå denne regelen, så framt tankane blir reingjorde i tråd med krava som blir stilte i forskrifta, og dokumentasjon på dette blir framlagde. Nemnde forskrift inneheld ei liste over stoff som kan transporterast i slike behaldarar.
Sjøgåande transport
Reglane for transport av næringsmiddel gjeld også når næringsmidla er om bord på fartøy. Dette har særleg betyding ved transport av matvarer om bord i ferjer og lokale fraktefartøy, der transportøren må sikre seg at varene blir handterte og oppbevarte slik at kravet til temperatur og hygiene er oppfylt. Avsendaren må gjere det som er nødvendig for å sikre at sendinga blir handtert på ein tilfredsstillande måte av transportøren.
Samtransport
Behovet for ein rasjonell og effektiv varedistribusjon reiser ofte spørsmål om ein kan transportere poteter, frukt og grønsaker saman med lettskjemte næringsmiddel som kjøtt og fisk, eller djupfryste næringsmiddel for den del. Det er i prinsippet ikkje noko i vegen for at transport av desse næringsmidla kan skje på same køyretøy, så lenge dei generelle transportvilkåra nemnt ovanfor er varetatt. Dersom transportmidla/konteinarar blir brukte til transport av noko anna enn næringsmiddel, eller til transport av ulike næringsmiddel samtidig, skal produkta haldast godt skilt.
Det kan derfor vere nødvendig å tilpasse emballeringa, isoleringa og plasseringa av vara i transportmiddelet for at det ulike behovet til varene blir varetatt.
Omlastingsterminalar
Omlasting av næringsmiddel frå eit transportmiddel til eit anna inneber som regel at varene blir oppbevarte i kortare tid utanfor transportmiddelet, noko som ifølge næringsmiddelhygieneforskrifta er tillaten dersom krav til ubroten kjølekjede er varetatt.