Om Mattilsynet
Mattilsynet er eit statleg tilsyn og direktorat som har som visjon å trygge framtida for menneske, dyr og natur.
Vi i Mattilsynet jobbar for å sikre forbrukarane helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje god helse hos plantar, fisk og landdyr, og fremje god dyrevelferd og respekt for dyr. Vi har oppgåver innan kosmetikk og legemiddel, og tilsyn med dyrehelsepersonell. Vi skal også fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn, og vareta miljøvennleg produksjon. I arbeidet vårt skal vi ta omsyn til aktørane langs heile matproduksjonskjeda, også ved tilgang til marknader i utlandet.
Mattilsynets tre hovudroller er å vere ein rettleiar, ein myndigheitsutøvar og ein beredskapsaktør. Vi utarbeider forslag til, og forvaltar og rettleier om regelverk, fører risikobasert tilsyn, formidlar informasjon og kunnskap, og handterer hendingar. Mattilsynet gir faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
To sjølvstendige forvaltingsorgan
Mattilsynet består av to sjølvstendige forvaltingsorgan: hovudkontoret og tilsynet. Hovudkontoret er overordna forvaltingsorgan for tilsynet. Dette betyr at hovudkontoret har ansvar for strategi og styring, og at det kan gi instruksjonar til og overprøve avgjerder tatt av tilsynet.
Mattilsynets myndigheit til å føre tilsyn og gjere enkeltvedtak er delegert frå hovudkontoret til tilsynet. Delegeringa omfattar myndigheit til å føre tilsyn og gjere enkeltvedtak som etter lov, forskrift eller særskild delegering frå departementa, er tillagd Mattilsynet, utan at forvaltingsnivå er presisert.
Hovudkontoret er klageinstans for vedtak tilsynet har gjort.
Mål og strategi
Mattilsynet skal gjennom tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking, og ved å ta del i utvikling av regelverk, arbeide for følgande mål:
- sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
- fremje god helse hos plantar, fisk og landdyr
- fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
- fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
- vareta miljøvennleg produksjon
Vi skal ivareta omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda, medrekna marknadstilgang i utlandet.