Tilsyn frå Mattilsynet
Matlova og dyrevelferdslova gir Mattilsynet tilsyns- og vedtaksmyndigheit for alt som høyrer inn under forskrift om offentleg kontroll på matområdet.
I tillegg gir lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt m.m. (kosmetikklova), husdyravlslova og planteforedlarlova ytterlege tilsyns- og vedtaksmyndigheit.
Forvaltingslova og offentleglova gir også viktige rammer for Mattilsynets myndigheitsutøving.
Mattilsynets myndigheit til å føre tilsyn og gjere vedtak er delegert frå hovudkontoret til tilsynet. Dette betyr at det er dei ulike tilsynsdivisjonane som utøver tilsynsverksemda, mens hovudkontoret er klageinstans.
Til deg som får tilsyn frå oss
Dersom du ikkje er vand til at ein av tilsynsdivisjonane våre kjem på tilsyn hos deg, kan det vere mykje nytt å forhalde seg til. Du har både rettar og plikter i samband med tilsynet, og du lurer kanskje på kva som vil skje når tilsynet er overstått.
Tilsynet, som vi kallar offentleg kontroll, skal gjennomførast i tråd med kontrollforordninga (EU-forordning 2017/625). Vi har laga ein rettleiar som viser korleis dette skjer i praksis.
Rettleiar: Slik gjennomfører Mattilsynet offentlige kontroller
Inspektøren vil gi deg nødvendige opplysingar i samband med det aktuelle tilsynet. Vi har også utarbeidd eit informasjonsark der du finn grunnleggande rettleiing.
Har du spørsmål, kan du kontakte den relevante tilsynsdivisjonen: Kontakt oss
Digitale tilsyn
Tilsynet, ved dei ulike tilsynsdivisjonane, gjennomfører stadig fleire digitale tilsyn. Med digitale tilsyn meiner vi gjennomføring av delar av, eller heile, tilsynsprosessen ved hjelp av digitale hjelpemiddel.
Eksempel på digitale tilsyn:
- tidleg analyse av data og informasjon frå næringane eller via samarbeid med andre myndigheiter
- utsjekk og kontroll av dokument som er innsendt elektronisk
- screening-kontroll via digital møteplass (t.d. Microsoft Teams), med utsjekk av utvalde krav, og vurdering av behov for ytterlegare (fysisk) kontroll.
- fullverdig kontroll via digital møteplass, med utsjekk av alle kravpunkt.
Ein fullverdig digital kontroll vil i dei fleste tilfelle krevje førehandsvarsling, for å avtale møteplattform og tidspunkt. I dei tilfella der tilsynet ønsker å sjekke spesifikke kravpunkt, vil det vere behov for at verksemda kan filme i lokalet.
Meir informasjon om tilsyn
Informasjonsbrosjyre
- Informasjon ved tilsyn – bokmål
- Informasjon ved tilsyn – nynorsk
- Dieđut bearráigeahču
- Inspection information
Mattilsynet har laga informasjonsfilmar om korleis eit tilsyn kan gå føre seg, og kva du kan forvente i samband med tilsyn frå oss:
Mattilsynet på inspeksjon – matverksemder
Mattilsynet på inspeksjon – dyrevelferd