Mattilsynet godkjenner Aquaterra rapsolje frå genmodifisert raps til bruk i fiskefôr

Etter ei heilskapleg vurdering godkjenner Mattilsynet ei olje frå genmodifisert raps. Olja kan berre brukast til fiskefôr, og er vurdert som trygg for helse og miljø. Både olja og fôret må merkast som genmodifisert.

Fagleg gjennomgått

I juni 2022 fekk Mattilsynet den aller første søknaden om godkjenning av eit genmodifisert produkt. Den gjaldt olje frå ein raps som er genmodifisert for å produsere langkjeda, omega-3 feittsyrer som elles vanlegvis blir vunne ut av marine organismar. Rapsen (med unik kode NS-B5ØØ27-4) blei utvikla som eit landbasert alternativ til marine feittsyrer, hovudsakleg DHA. Feittsyrene er viktige for helsa og velferda til laksen.

Det australske såvareselskapet Nuseed er søkar, og dei meiner at produksjonen av Aquaterra rapsolje har eit lågt miljømessig fotavtrykk, sidan berre fem prosent av dagens rapsareal trengst for å doble forsyninga i verda med omega-3 olje. Dei meiner derfor at rapsolja vil vere eit berekraftig alternativ til marine omega-3 ressursar.

Risikovurdert av Vitskapskomiteen for mat og miljø

Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet gjennomført ei risikovurdering av Aquaterra olje frå genmodifisert raps til bruk i fiskefôr.

Dei konkluderer med at fiskefôr som inneheld denne olja ikkje gir auka helserisiko for fisk, eller nokon indikasjonar på auka miljørisiko samanlikna med konvensjonelt fiskefôr med oljer frå andre kjelder. VKM har tidlegare vurdert dokumentasjonen i søknaden Nuseed har sendt til EU om godkjenning av bruksområda mat og fôr, og fann ingen indikasjonar på særnorsk risiko for nokre av desse bruksområda.

Rapsen inneheld eit gen som gir toleranse for plantevernmiddel med glufosinat-ammonium som er forbode å bruke i Noreg. VKM oppgir at proteinet som gir denne toleransen, er vurdert å vere trygt av EUs mattryggleiksorgan EFSA. VKM oppgir vidare at eventuelle restar av protein i Aquaterra rapsolje, inkludert det som gir toleranse for glufosinat-ammonium, er neglisjerbare.

Høyring av risikovurdering

Mattilsynet har hatt risikovurderinga på høyring, for å gi høve til at ulike interessentar kunne sende supplerande informasjon til risikovurderinga. Av sju høyringsinnspel var fem positive til godkjenning, eitt var negativt og ete gjorde greie for at det måtte gjennomførast ei ny høyring. Mattilsynet vurderer at ingen av høyringsinnspela gir ny informasjon om Aquaterra og VKM fekk derfor ikkje noko nytt oppdrag om risikovurdering.

Heilskapleg vurdering

Mattilsynet vurderer at kravet om at fôret skal vere trygt og ikkje vere helseskadeleg for menneske eller dyr, eller gjere næringsmiddel frå dyr ueigna for konsum, er oppfylt. Vidare vurderer vi at kravet om at fôr ikkje skal ha skadeverknad på miljøet, også er oppfylt.

Dyrking av rapsen som er utgangspunkt for Aquaterra-olja, er kontraktsbasert. Bønder som ønsker å bruke glufosinat-ammonium får opplæring i bruken. Det er ei rekke stoff i plantevernmiddel som er forbodne å bruke i Noreg og i EU, men som er godkjente i andre land i verda. Så lenge produkt som blir importerte frå desse landa ikkje inneheld restar av plantevernmiddel som overstig grenseverdiane av det som er tillate, kan dei fritt importerast. Dette er regulert i forskrift om restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôrvarer.

Mattilsynet innvilgar søknaden om godkjenning av Aquaterra rapsolje til bruk i fiskefôr. I godkjenninga stiller vi særskilde krav om merking og sporbarheit av olja og produkt av eller med denne olja. Løyvet blir gitt til Nuseed Nutritional Australia Pty Ltd., representert ved Nufarm B.V. i Nederland.