Jernhaldige gjødselvarer til plen, sportsanlegg og andre grøntareal

Gjødselvarer som inneheld jern(II)sulfat kan bli godkjennings­pliktige som plantevern­middel. Sjå kva for nokre årlege doseringar av jern(II)sulfat som krev at du dokumenterer verknads­måten av produktet.

Publisert

Fleire produkt som inneheld jernsulfat, blir marknads­førte som gjødsel­varer eller produkt som gir sterkare grøn­farge på plenen.

Jern(II)sulfat er definert som aktivt stoff i plantevernmiddel­regelverket. Dette betyr at gjødsel­varer som inneheld jern(II)sulfat, kan bli godkjennings­pliktige som plantevern­middel.

Mattilsynet har bede NIBIO om ei vurdering av kva dei reknar som ei normal årleg dosering av jern(II)sulfat til gras til ulike formål (hage/park/golf). Frå og med 2024 vil Mattilsynet nytte desse vurderingane av dosering som grunnlag viss vi kjem på kontroll.

NIBIOs uttale kort sagt

Tilførsel av nærings­stoff for vanleg vekst og grønfarge

NIBIO meiner at for vanleg vekst og grønfarge vil normal årleg dosering ligge på cirka 7–14 g jern(II)sulfat/100 m2 for å dekke nærings­behov og 20–40 g jernsulfat/100 m2 for å gi ein sterkare grøn­farge. Dette betyr at dersom formålet med å selje produkt som inneheld jern(II)sulfat er å tilføre nærings­stoff eller gi sterkare grønfarge, bør bruks­rettleiinga ikkje tilseie ei årleg dosering som er vesentleg høgare enn 40 g jernsulfat/100 m2.

Kamp mot mose

Tilbakemelding frå NIBIO viser at årleg dosering for å få bukt med mose ligg mellom 280–390 g jern(II)sulfat/100 m2. NIBIOs uttale er basert på godkjente plantevern­middel som inneheld jern(II)sulfat. Dersom ei gjødselvare tilfører desse mengdene jern(II)sulfat når produktet blir brukt i samsvar med bruks­oppfordringane, må produktet godkjennast som eit plantevern­middel.

Viss ei gjødsel­vare som ikkje er godkjent som plantevern­middel, tilfører over 100 g jern(II)sulfat/100 m2 ved anbefalt dosering, må verksemda som omset produktet, kunne dokumentere at produktet ikkje har effekt som plantevern­middel. Marknads­føring av gjødsel som beskriv at produktet betrar veksten og konkurranseevna til plengraset, er tillaten, men slike påstandar må samsvare med innhaldet i produktet. Berre godkjente plantevern­middel kan marknadsførast til kamp mot mose.