Treemballasje på importerte varer må vere ISPM 15-merka

Treemballasje (med nokre unntak) brukt i internasjonal handel må oppfylle ISPM nr. 15 standarden for å hindre spreiing av planteskadegjerarar.

Publisert

Importørar må sikre korrekt behandling og merking. 

Sjå Faktaark om treemballasje som følger med importerte varer for informasjon om unntaka.

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2025?

Mattilsynet vil saman med Tolletaten prioriterer kontroll av treemballasje i import for å hindre spreiing av skadegjerarar med trevirke. Aksjonen styrker samarbeidet mellom Tolletaten og Mattilsynet og aukar merksemda om plantehelserisikoen ved treemballasje som følgjer varer ved import.  

Kva er ISPM 15?  

Ein standard frå IPPC (den internasjonale plantevernkonvensjonen) som krev at treemballasje i internasjonal handel skal vere behandla og merka med godkjenningsstempel for å hindre spreiing av planteskadegjerarar.

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?

Mattilsynet og Tolletaten vil gjennomføre risikobaserte, fysiske kontrollar av vareimport med treemballasje.

Kva betyr dette for deg og di verksemd?

Importør av varer med treemballasje kan forvente at Mattilsynet og Tolletaten i visse periodar gjennomføre fysisk kontroll ved innførsel av varene.