Verksemder som importerer planter og andre smitteførande varer har krav om internkontroll og kompetanse
Importørens ansvar er avgjerande for å hindre introduksjon av planteskadegjerarar gjennom planteimport.
Tidlegare tilsyn har avdekt avvik, og Mattilsynet prioriterer derfor revisjon av utvalde importørar i år.
Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2025?
Import av planter og andre smitteførande varer kan introdusere nye og alvorlege planteskadegjerarar til Noreg. For å redusere risikoen, må planteimportøren ha effektive tiltak i sin internkontroll. Tidlegare tilsyn har avdekt fleire avvik, og Mattilsynet vil derfor fokusere på dette i 2025.
Kva krav har verksemda?
Importørar må ha eit fungerande internkontrollsystem iht til krava i plantehelseforskriften, og sikre at alle involverte har nødvendig kompetanse.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Mattilsynet vil revidere nokre av dei største planteimportørane med varsla og avtalte revisjonar.
Kva betyr dette for deg og di verksemd?
Dei største planteimportørane kan forvente revisjonar med fokus på internkontroll (plantehelse) og kompetanse.