Dei største endringane i det nyaste økologiregelverket
Her får du informasjon om dei største og viktigaste endringane.
Økologiregelverket regulerer vilkår for at landbruks- og akvakulturprodukt, næringsmiddel og fôr kan bli merkte som økologiske. Regelverket omfattar krav som varetar omsynet til forbrukartillit, plantehelse, dyre- og fiskehelse, dyre- og fiskevelferd og miljø. Forordning (EU) 2018/848 med utfyllande regelverk gir ein del nye reglar for økologisk produksjon og merking av økologiske produkt.
Den økologiske sektoren har vakse og utvikla seg, og regelverket er vidareutvikla for å fremje forbrukartilliten til økologiske produkt i samsvar med mål og prinsipp. Moglegheita for nokre unntak er fjerna, og det er gjennomført endringar for å gjere regelverket tydeleg. Reglar er harmoniserte for område som har vore handterte ulikt i ulike land. Nedanfor er dei største endringane i det nye økologiregelverket omtalte.
Reglane som er endra
Nye krav om å nytte meir økologisk og lokalprodusert fôr
Det er eit viktig økologisk prinsipp å nytte lokale råvarer, og det nye regelverket stiller krav til auka del eigenprodusert fôr. For kraftfôrkrevjande produksjonar, som fjørfe og svin, blir sjølvforsyningsgrada auka frå 20 til 30 prosent eigenprodusert fôr. Det blir derfor viktig at verksemder i Noreg produserer meir økologiske fôrråvarer, som for eksempel korn, erter og åkerbønner, for å oppfylle kravet i regelverket.
Det er ikkje nødvendigvis gitt at det er mogleg å produsere råvarene til fôret på same gard som husdyrproduksjonen skjer. For å sikre at fjørfe og svin skal kunne produserast økologisk også i delar av landet der det ikkje er mogleg å produsere korn, kan økologisk fôr som er produsert i Noreg og nærliggande område i nabolanda til Noreg blir rekna med i sjølvforsyningsgrada. Det vil vidare berre vere mogleg å nytte inntil 5 prosent ikkje-økologiske proteinfôrmidlar til unge fjørfe og svin, og ikkje generelt til alt fjørfe og svin som i dag.
Meir økologisk formeiringsmateriale for dyr og plantar
Det er eit prinsipp i økologisk produksjon at det skal nyttast økologisk planteformeiringsmateriale, og at dyr skal ha økologisk opphav. Det er eit nytt krav om at den nasjonale databasen for såvarer (økofrødatabasen) også skal innehalde opplysingar om karenssåvare og økologisk heterogent formeiringsmateriale. Vidare er det eit krav til nasjonale myndigheiter om å ha eit system der verksemder kan legge inn tilgjengelege økologiske dyr og økologisk fiskeyngel. Formålet er å forbetre formidling av økologisk formeiringsmateriale av plantar og dyr, for å redusere bruken av konvensjonelt materiale. Moglegheita til å bruke konvensjonelt planteformeiringsmateriale og konvensjonelle dyr skal fasast ut 15 år etter at regelverket trer i kraft (31. desember 2036). NORSØK har gjennomført utgreiingar om moglegheiter og konsekvensar av denne endringa, dette er tilgjengeleg på nettsidene våre.
Krav om tilgang til uteområde for oksar
Moglegheita for å halde oksar inne siste del av framfôringsperioden blir fasa ut, og oksar skal ha tilgang til luftegard eller beite. Dette vil fremje auka dyrevelferd og naturleg åtferd. NORSØK og Norsk Landbruksrådgiving har gjennomført ei utgreiing som viser at det finst ulike gode løysingar for å oppfylle det nye regelverkskravet.
Utgreiinga frå NORSØK og Norsk Landbruksrådgiving
Nye produksjonsreglar for økologisk fjørfe
Det er nye reglar for fjørfekategoriane livkylling og foreldredyr og nye krav til blant anna husdyrrom og utearealet for økologisk fjørfe. Animalia og Nortura har utarbeidd ei utgreiing om praktiske løysingar for å oppfylle det nye regelverket.
Utgreiinga frå Animalia og Nortura
Nye reglar for veksthus
Nytt økologiregelverk innfører krav om dyrking i jord og forbod mot dyrking i avgrensa medium. Norske verksemder får tilsvarande overgangsordning som nordiske land fram til 31. desember 2031 for eksisterande verksemder og areal som var godkjente per 14. juni 2018. Forbodet mot dyrking i avgrensa medium gjeld ikkje for blomstrar og krydderurter/mikrogrønt som blir selt saman med pottene til endeleg forbrukar.
Nye reglar for import av økologiske produkt frå tredjeland (land utanfor EU/EØS)
Eit formål med det nye økologiregelverket er å styrke kontrollsystemet for økologisk produksjon i tredjeland og at økologiske produkt i tredjeland skal bli produserte meir i samsvar med EØS-økologiregelverket.
Det er enkelte endringar i offentleg kontroll med import av økologiske produkt til Noreg og bruk av TRACES for godkjenning av import. Vilkåra for import av økologiske produkt frå tredjeland til Noreg vil vere regulert gjennom ei nasjonal føresegn i økologiforskrifta. Det er ei målsetting å anerkjenne tilsvarande importvilkår som i EU, for å sikre eit felles grunnlag for offentleg importkontroll for økologiske produkt ved bruk av databasen TRACES. Det er eit krav om at Mattilsynet gjennomfører systematisk kontroll og godkjenning av importsertifikat som følger alle importerte økologiske vareparti frå tredjeland.
Nye reglar for krav til dokumentasjon og kontroll
Det er enkelte endringar i krav til dokumentasjon hos økologiske verksemder og endringar i krav til økologikontrollen Debio gjennomfører hos verksemdene. Formålet er å fremje betre sporbarheit og kontroll med at den økologiske produksjonen skjer i samsvar med regelverket for økologisk produksjon. Det blir ei ny moglegheit for Debio å gjennomføre eit meir risikobasert tilsyn. For definerte lågrisiko-verksemder kan det gjennomførast årleg digital verifikasjon, og berre krav om fysisk tilsynsbesøk med 24 månaders intervall.
Nye moglegheiter med nytt økologiregelverk
Nye økologiske produkt
Det nye regelverket opnar for å produsere nye økologiske produkt, og det inneber nye moglegheiter for norske verksemder til å utvikle eit større spekter av økologiske produkt, blant anna økologisk hjort, insekt, salt og ull.
Gruppesertifisering
Det er innført ei ny moglegheit for sertifisering av grupper av økologiske verksemder ("gruppesertifisering"), der formålet er å redusere administrative kostnader, styrke lokalt nettverk og betre moglegheit for omsetning. Det er definerte kriterium for slik gruppesertifisering med krav til internkontroll, og det eignar seg derfor berre for grupper over ein viss størrelse.
Økologisk heterogent materiale
Det er nye reglar for produksjon av økologisk heterogent planteformeiringsmateriale. Dette plantematerialet er ikkje definert som ein sort, da det har ei høg grad av genetisk og fenotypisk diversitet. Formålet med å godkjenne bruk av økologisk heterogent formeiringsmateriale er å fremje bruk av meir lokal såvare, mindre spreiing av sjukdommar, fremje robustheit, auka biodiversitet og bruk av mindre mengde konvensjonell såvare.