Regelverksutvalet for økologisk produksjon

Regelverksutvalet for økologisk produksjon legg til rette for godt samarbeid mellom myndigheiter, næring og andre involverte partar om regelverksutvikling innan økologisk produksjon.

Fagleg oppdatert

Utvalet kan også komme med sjølvstendige forslag og utsegner i den offentlege debatten om økologisk produksjon.

Landbruks- og matdepartementet har gitt Regelverksutvalet for økologisk produksjon følgande mandat:

  • legge til rette for eit breiare samarbeid med involverte partar innan økologisk produksjon
  • fange opp regelverksendringar tidleg i prosessen og formidle dette til næringa
  • førebu innspel til internasjonale forum for regelverksutvikling, med hovudvekt på EØS-arbeidet
  • identifisere behov for og vurdere moglegheitene for forenklingar og tilpassing til norske driftsforhold og rammevilkår

Alle viktige spørsmål knytte til dei to siste kulepunkta blir lagde fram for departementet for avklaring.

Gerald Altena frå Debio er leiar for utvalet. Mattilsynet, seksjon planter og innsatsvarer, er sekretariat for utvalet.

Medlemmar

Utvalet er breitt samansett og har medlemmar frå følgande organisasjonar og institusjonar:

  • NORSØK (Norsk senter for økologisk landbruk)
  • Debio
  • Biologisk-dynamisk Forening
  • Norsk Landbruksrådgiving
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Norges Bondelag
  • Økologisk Norge
  • Nortura
  • Tine
  • Felleskjøpet
  • Gartnerhallen
  • Nofima AS
  • Landbruks- og matdepartementet (observatør)
  • Landbruksdirektoratet (observatør)

Utgreiingar og utvikling

Utgreiingar 2018–d.d.

Utgreiingar 2008–2018

Referat