Rapport

Kartlegging av bakteriebladflekk på jordbær, Xanthomonas fragariae (2025)

Mattilsynet har i 2025 kartlagt førekomsten av Xanthomonas fragariae, bakterien som er årsak til plantesjukdommen bakteriebladflekk på jordbær. Det er gjort eitt funn. Resutata tyder på låg førekomst i Noreg, men viser at import av jordbærplanter framleis inneber ein risiko for introduksjon.

Publisert
Kva blei undersøkt?

Totalt 141 prøvar frå plante- og jordbærproduksjon i ulike delar av Noreg, både frå friland og tunellproduksjon.

Tidsrom
Frå mai til september 2025
Kva leita vi etter?

Xanthomonas fragariae

Kva fann vi?

Eitt tilfelle av latent smitte av Xanthomonas fragariae i sorten «Malwina». Feltet var etablert i 2024 med planter importerte frå Tyskland. Andre prøvar frå same leverandør og parti var negative.

Bakterien er tidlegare berre påvist éin gong i Noreg (2018), også då som latent smitte i importerte planter. Funna tyder på låg førekomst i Noreg, men at import av jordbærplanter framleis inneber ein risiko for introduksjon.

Kven utførte oppdraget?

Mattilsynet stod for prøvetakinga, medan Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) analyserte prøvane.

Gå til rapporten frå NIBO: Overvåkings- og kartleggingsprogram for Skadegjørere i jordbær 2025 - Xanthomonas fragariae (nva.sikt.no)