Kartlegging av virus og lita jordbærbladlus (2025)
Mattilsynet undersøkte i 2025 førekomsten av fire bladlusoverførte virus samt hovudvektoren for fleire av desse, lita jordbærbladlus. Resultata viser at fleire av virusa førekjem sporadisk i Noreg, i hovudsak knytte til importert plantemateriale, medan liten jordbærbladlus framleis ikkje er påvist etablert i felt.
- Kva blei undersøkt?
Totalt blei 130 prøvar frå kommersiell plante- og bærproduksjon i veksthus og på friland analyserte for virus. I dei same felta blei det i tillegg teke 89 prøvar som blei undersøkte for lita jordbærbladlus.
- Tidsrom
- Frå mai til september 2025
- Kva leita vi etter?
Fire bladlusoverførte plantevirus og vektoren lita jordbærbladlus:
- jordbær-bladgulningsvirus (Potexvirus fragariae / Strawberry mild yellow edge virus)
- jordbær-bladkrøllevirus (Cytorhabdovirus fragariarugosus / Strawberry crinkle virus)
- jordbær-nervebandvirus (Caulimovirus venafragariae / Strawberry vein banding virus)
- jordbær-mildmosaikkvirus (Sadwavirus fragariae / Strawberry mottle virus)
- lita jordbærbladlus (Chaetosiphon fragaefolii)
- Kva fann vi?
Ni prøvar var positive for eitt eller fleire virus.
- Jordbær-bladkrøllevirus blei påvist i åtte prøvar frå ulike delar av landet, i ulike sortar og i plantemateriale med ulikt geografisk opphav.
- Jordbær-bladguliningsvirus blei påvist i tre prøvar.
- Jordbær-mildmosaikk blei for første gong påvist i Norge, i éin prøve, i kombinasjon med dei to andre virusa.
- Jordbær nervebåndvirus blei ikkje påvist.
- Lita jordbærbladlus blei heller ikkje påvist.
Resultata viser at fleire jordbærvirus førekjem sporadisk i Noreg, hovudsakleg knytta til importert plantemateriale, medan lita jordbærbladlus framleis ikkje er påvist etablert i felt.
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet stod for prøvetakinga, medan Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) analyserte prøvane.
Gå til rapporten frå NIBIO Overvåkings- og kartleggingsprogram for skadegjørere i jordbær 2025 - Virus og liten jordbærbladlus (nva.sikt.no)