Slik blir funn av Phytophthora ramorum i importsending handterte
Handteringa avheng av om det er mistanke om eller påvising av Phytophthora ramorum.
Tiltak ved mistanke om Phytophthora ramorum
Når det blir påvist Phytophthora i ein hurtigtest eller det er funne symptom på Phytophthora ramorum ved visuell inspeksjon, er det mistanke om Phytophthora ramorum. Ei prøve skal da sendast til analyse på laboratorium.
Omfang av planter som blir halde tilbake i påvente av prøveresultatet
1. Relatert til sendinga som prøva blir tatt frå:
- Alle mottakelege planter frå den produksjonsstaden som har levert planta det er tatt prøve frå, skal haldast tilbake. Dette er med tanke på kva som vil kunne bli avvist dersom det blir påvist Phytophthora ramorum i prøva.
- Dersom planta det er mistanke om at er smitta, under transporten har vore samlasta på ein slik måte at det representerer ein fare for overføring av smitte, skal det vurderast om andre mottakelege plantar også skal bli haldne tilbake.
- Dersom sendinga inneheld mottakelege plantar frå fleire produksjonsstader og importøren verken har eller kan skaffe oversikt over kva planter som kjem frå kva produksjonsstad, skal alle mottakelege planter på sendinga haldast tilbake.
2. Relatert til eventuelle andre sendingar med mottakelege planter frå same produksjonsstad som kjem til Noreg samtidig eller i løpet av dei nærmaste dagane:
- Alle mottakelege planter skal bli haldne tilbake til analyseresultatet ligg føre.
- Plantene kan ikkje disponerast av importøren, men skal bli oppbevarte samla og på ein fagleg forsvarleg måte.
Eventuell tilbaketrekking av sendingar som har komme før mistanken oppstod
I utgangspunktet skal ikkje tidlegare sendingar som allereie er frigitt, bli trekte tilbake.
Tiltak ved påvising av Phytophthora ramorum
Phytophthora ramorum er påvist når det ligg føre eit analysesvar frå NIBIO Planteklinikken (eventuelt eit anna tilsvarande laboratorium) om at det er påvist Phytophthora ramorum i den innsende prøva.
Avvising etter påvising
1. I utgangspunktet skal alle dei plantene som blei haldne tilbake ved tidspunkt for mistanke, bli avviste. Produksjonsstaden tilfredsstiller ikkje lenger krava i det norske regelverket.
2. For sendingar frå europeiske land: Andre mottakelege planter enn høgrisikoplantene kan bli frigitt dersom plantehelsemyndigheitene i eksportlandet skriftleg kan bekrefte at
- plantene ikkje har stått innanfor 10 meter frå partiet med påvist smitte
- plantene har stått og vore handterte på produksjonsstaden på ein slik måte at det ikkje er risiko for at dei kan vere smitta
Dei avviste plantene skal destruerast eller returnerast. Ved destruksjon skal plantematerialet brennast, eller destruksjonen skal gjennomførast ved annan metode i samråd med Mattilsynet. Plantene kan returnerast viss myndigheitene i eksportlandet aksepterer det og retur ikkje er knytt til risiko for smittespreiing.
Mottakelege planter frå denne produksjonsstaden skal ikkje sendast til Noreg før relevante tiltak er gjennomførte på produksjonsstaden, og før plantehelsemyndigheitene i eksportlandet finn at verksemda igjen tilfredsstiller krava i forskrift om tiltak mot Phytophthora ramorum.