Overvaking- og kartleggingsprogram for Xylella fastidiosa (2025)
Det blei ikkje gjort funn av Xylella fastidiosa i 2025, og Noreg blir framleis rekna som fritt for bakterien.
- Kva blei undersøkt?
I 2025 vart det analysert 251 prøvar frå minst 57 ulike vertsplantar med opphav i minst ti land. Prøvane vart samla inn frå produksjonsmiljø, omsetningsledd, botaniske hagar, parkar, skog og frukthagar i fire geografiske regionar i Noreg.
- Tidsrom
- Prøvane er tatt ut i perioden frå mai til september 2025
- Kva leita vi etter?
Xylella fastidiosa
- Kva fann vi?
Bakterien blei ikkje påvist i 2025, og Norge blir framleis rekna som fritt for Xylella fastidiosa. Sidan det er ein vedvarande risiko knytt til internasjonal plantehandel, er overvaking framleis viktig for å kunne oppdage ein eventuell introduksjon på eit tidleg stadium.
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet hadde ansvaret for uttak av prøvar, medan Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) analyserte prøvane.
Gå til rapporten frå NIBIO: Overvåkings- og kartleggingsprogram for Xylella fastidiosa 2025 (nva.sikt.no)