Søknadsfrist, skjema og vilkår for godkjenning av plantesortar

Frist for innsending av søknad om godkjenning av plantesort er 1. februar.

Publisert

For at ein plantesort skal kunne oppførast på norsk offisiell sortsliste, må han ha

  • bestått nyheitsprøving (DUS-test)
  • eit godkjent namn
  • ein ansvarleg held ved like

Sortar av jordbruksvekstar (korn, fôrvekstar og poteter) må i tillegg ha gjennomført verdiprøving, slik at han blir rekna for å ha ein tilfredsstillande dyrkings- og bruksverdi i Noreg.

Godkjenninga er gyldig inntil utgangen av det 10. kalenderåret etter det året godkjenninga blei gitt. Godkjenninga kan fornyast dersom betydinga av å halde oppe dyrkinga tilseier det, og føresett at krava til skillbarhet, einsartaheit og stabilitet framleis er oppfylt. Søknad om fornying skal leggast fram seinast to år før godkjenninga går ut.

Bevaringsverdige sortar

For at ein sort skal kunne godkjennast som bevaringsverdig, må han vere av interesse for bevaring av plantegenetiske ressursar.

Vidare må opphavsområdet til sorten identifiserast. Vedlikehald av sorten skal gå føre seg i opphavsområdet til sorten.

Det er ikkje krav om nyheitsprøving eller verdiprøving ved godkjenning av bevaringsverdige sortar dersom det ved søknad ligg føre tilfredsstillande

  • nemning av sorten
  • beskriving av sorten
  • resultat frå uoffisielle forsøk
  • dokumentasjon frå søker om erfaring frå praktiske forsøk med dyrking, oppformeiring og bruk

Tradisjonssortar av grønsaker

Ein grønsaksort kan godkjennast som tradisjonssort av grønsaker dersom han ikkje har særleg kommersiell produksjonsverdi.

Sorten må vere utvikla for dyrking under særlege klimatiske, jordbotnmessige eller dyrkningstekniske forhold.

Det er ikkje krav om nyheitsprøving eller verdiprøving dersom det ved søknad ligg føre tilfredsstillande

  • nemning av sorten
  • beskriving av sorten
  • resultat frå offisielle eller uoffisielle forsøk
  • dokumentasjon frå søker om erfaring frå praktiske forsøk med dyrking, oppformeiring og bruk

Søknadsskjema

Regelverk