Verdiprøving av plantesortar
Nye sortar av jordbruksvekstar (korn, fôrvekstar og poteter) skal prøvast i tre år i offisiell verdiprøving før dei kan vurderast godkjent for opptak på norsk offisiell sortsliste.
Verdiprøvinga blir utført av NIBIO, på oppdrag for Mattilsynet.
Verdiprøvinga skal sikre at nye sortar er betre enn sortane som allereie er på marknaden i minst ein eigenskap. I denne samanhengen blir det også vurdert om sorten er tilpassa eit spesielt dyrkingsområde, ein spesiell dyrkingsteknikk eller om den på andre måtar har eit spesielt bruksområde.
I verdiprøvinga undersøker NIBIO dyrkingseigenskapane til sortane, som tidlegheit, vêrresistens, sjukdomsresistens og overvintringsevne, og dessutan avlingsmengde og avlingskvalitet.
Forsøksfelta blir lagde ut i ulike geografiske regionar som dekker dyrkingsområdet for dei ulike vekstgruppene. Verdiprøvinga gir derfor også svar på korleis sorten er tilpassa dyrkingsforholda i dei ulike delane av landet.
Basert på resultata frå verdiprøvinga gir NIBIO kvart år ei tilråding til Mattilsynet om kva sortar som bør godkjennast.
Verdiprøving av fôrvekstar – periodisering
For fôrvekstar blir praktiserte periodisering. Dette inneber at verdiprøving av nye sortar av ein art berre blir sett i gang kvart femte år. Det vil ikkje bli tatt inn nye sortar undervegs i prøvinga. For fleirårige fôrvekstar blir laga til forsøk 3 utleggsår med 3 hausteår for kvart utlegg.
Gebyr for verdiprøving av fleirårige artar blir berekna per utleggsår.
VIKTIG: For at ein ny sort skal bli med når prøving av ein ny art blir sett i gang, må søknad om godkjenning av sorten blir send innan 1. februar i oppstartsåret. Rekkefølga på oppstart av ny prøving i dei ulike artane kan du sjå i tabellen nedanfor.
Oppstartsår | Art | Utleggsår av felt | Ferdigprøvd etter vektsesongen |
---|---|---|---|
2024 | Ikkje oppstart av nye seriar | ||
2025 | Engsvingel | 2025, 2026, 2027 | 2030 |
2026 | Timotei | 2026, 2027, 2028 | 2031 |
2027 | Raudkløver, kvitkløver, luserne | 2027, 2028, 2029 | 2032 |
2028 | Italiensk raigras og westerwoldsk raigras | 2028, 2029, 2030 | 2033 |
2029 | Fleirårig raigras og raisvingel | 2029, 2030, 2031 | 2034 |
Sortsprøving i korn (nibio.no)
Sortsprøving i potet (nibio.no)
Retningslinjer for verdiprøving
Retningslinjer for verdiprøving potet (PDF)
Retningslinjer for offisiell verdiprøving forvekstar (PDF)
Retningslinjer for verdiprøving korn (PDF)