Til hovedinnhold

Til statsforvaltar og kommune

Ansvaret for autorisasjonsordninga er delt mellom Mattilsynet og andre landbruksstyresmakter.

Fagleg oppdatert

Her finn du informasjon om ansvarsfordelinga, korleis bevis registrerast og bestillast, eit rettleiingsdokument til autorisasjonsregisteret, samt anna praktisk informasjon til både statsforvaltar og kommune. Andre førespurnader om autorisasjonsordninga som du ikkje finner svar på her sendes til autorisasjonskurs@mattilsynet.no.

Ansvarsfordelinga

Det er Mattilsynet som har hovudansvaret for autorisasjonsordninga for plantevernmiddel og gnagermiddel.

Mattilsynet har dessutan ansvar for:

  • at det blir sendt ut autorisasjonsbevis.
  • å gi instruks og retningslinjer til statsforvaltaren eller kvar enkelt kommune.
  • det nettbaserte autorisasjonskurset.
  • å gje tilgang til autorisasjonsregisteret.

Statsforvaltarens landbruksavdeling i kvart enkelt fylke har ansvar for:

  • at det blir arrangert kurs  (førstegongs- og fornyingskurs med fysisk oppmøte) og praksisdag. Oppgåva kan delegerast til andre 
  • at det blir arrangert eksamen. Dette kan delegerast til landbruksforvaltinga i kommunane
  • koordinering av kursverksemda
  • å godkjenne alle undervisarar
  • å passe på at kursverksemda følgjer regelverket

Landbruksforvaltinga i kommunen har ansvar for:

  • å registrere alle som har bestått eksamen i autorisasjonsregisteret. Ved behov for tilgang til registeret må landbrukskontoret kontakte statsforvaltaren, som vidareformidlar beskjed til Mattilsynet og stadfestar behovet for tilgang.
  • å vurdere om dei som ønskjer autorisasjonsbevis har rett til dette, og dessutan å registrere desse i autorisasjonsregisteret og skrive ut mellombels autorisasjonsbevis.
  • å registrere bestilling av eit duplikatbevis dersom originalbeviset er forsvunne.
  • å bestille nødvendig talet på eksamenssett til deltakarane på autorisasjonskurs dersom dei er ansvarleg for gjennomføring av eksamen. 

Registrering og bestilling av autorisasjonsbeviset 

  • Registrering av autorisasjonsbevis skjer gjennom autorisasjonsregisteret for plantevernmidler og gnagermidler. For sistnemnde må det først registrerast bevis i plantevernmiddelregisteret.

  • Registreringa er samstundes ei bestilling av autorisasjonsbeviset. Bestillinga går direkte til trykkeriet, som trykkjer og sender beviset. 

  • Det kan ta 5-6 veker frå bestilling/registrering til beviset blir motteke i postkassen. Dersom det haster, kan landbrukskontoret skriva ut eit midlertidig bevis frå autorisasjonsregisteret. 

  • Vi har laga ei rettleiing til autorisasjonsregisteret (PDF)

Opplysningar frå nettkurset er ikkje registrerte 

Bestått eksamen skal dagleg overførast direkte til autorisasjonsregisteret. Dersom landbrukskontoret ikkje finn opplysningar om bestått eksamen trass i bestått nettkurs, ta kontakt på autorisasjonskurs@mattilsynet.no med namn, eksamensdato, og eit bevis eller stadfesting på at eksamen er bestått (til dømes kursbevis eller skjermdump frå nettkurset som viser at eksamen er bestått). 

Duplikat- og midlertidig bevis 

Duplikatbevis kan bestillast av kommunen dersom eit originalbevis er forsvunne eller mista for godt, til dømes på grunn av stjålen lommebok.

Midlertidig bevis skrivast ut når det opphavlege beviset enten er bortkommen, med ein moglegheit for å finna det att, eller når det haster og ein ventar på det originale beviset.

Savna autorisasjonsbevis 

  • Det kan hende at beviset ikkje er trykt enno. Dette visast ved at opplysningar om gyldig bevis vises i autorisasjonsregisteret, men ruta "Sendt trykkeri" er tom. Beviset blir trykt og sendt ut direkte frå trykkeriet cirka kvar tredje veke. Frå datoen som er oppført, tar det cirka 2-3 veker til mottakar har fått beviset. 

  • Har det gått meir enn 2-3 veker sidan datoen "Sendt trykkeri"? Sjekk at adressa i autorisasjonsregisteret stemmer. Mattilsynet opplever å få mange bevis i retur med feilregistrert adresse. 

    Adressa stemte ikkje: Spør oss om det har kome i retur. Viss ikkje, kan duplikatbevis bestillast etter rett adresse er registrert  Hugs at eventuell adresseendring må gjerast i sjølve adressefeltet, og ikkje som ein merknad. 

    Adressa stemmer: Viss det berre gjeld ein person, anbefaler vi å vente ytterlegare 2-3 veker og eventuelt skriva ut midlertidig bevis dersom det haster. Viss beviset framleis ikkje har kome fram, bestill duplikatbevis og gi oss beskjed om kven det gjeld. Viss det gjeld fleire, gir Statsforvaltaren beskjed med ei samla oversikt. 
     

Autorisasjon av personar frå andre land  

Yrkesbrukarar med gyldig autorisasjon frå andre EØS-land (mindre enn 10 år gammal) kan få norsk autorisasjonsbevis ved å gjennomføra eit norsk fornyingskurs og bestå tilhøyrande eksamen for å sprøyta i Noreg. 

  • Det kan enten gjennomførast som kurs med fysisk oppmøte eller som nettkurs. For nettkurset blir D-nummer eller norsk fødselsnummer brukt ved påmelding. Kursa blir gjevne berre på norsk for å dokumentera tilstrekkelege norskkunnskapar og kjennskap til særnorske reglar om bruk av plantevernmidlar. 

  • Praktisk del av autorisasjonskurs må vera gjennomført i Noreg eller eit anna EØS-land. 

  • Yrkesmessig behov for adgang til kjøp og bruk av plantevernmidlar må dokumenterast. 

  • Vedkommande må kunne framvisa gyldig autorisasjon frå heimlandet slik at kommunen får den dokumentasjonen som trengs for å avgjera om han/hun kan få autorisasjon. Ein stadfesting på dette kan registrerast i merknadsfeltet i autorisasjonsregisteret. Det er ikkje laga noko felles arkiveringssystem for slik dokumentasjon. Kvar kommune må arkivere dette hjå seg, eventuelt med ei henvisning til arkivnummer i merknadsfeltet dersom det synest praktisk. 

  • Registrering: registrering skjer på vanleg måte dersom vedkommande har norsk personnummer. Dersom vedkommande har D-nummer, må Mattilsynet gjera registreringa. Send oss ein e-post med dei nødvendige opplysningane for registrering. Deretter kan Statsforvaltaren leggja inn eksamensresultatet. 

Anna nyttig informasjon 

  • Personar som ikkje oppfyller krava (t.d. skuleelevar), skal ha kursbevis som blir skrive ut frå autorisasjonsregisteret av landbruksavdelinga til Statsforvaltaren eller landbruksforvaltninga i kommunen.

  • Eksamen må oppbevarast ei stund etter klagefristen, slik at ein har dokumentasjon dersom det blir spørsmål.

  • Statsforvaltaren finn dei til ei kvar tid gjeldande eksamensoppgåvene frå «EXT Plantevernmidler» på Teams. Her ligg det fleire eksamenssett, og det oppfordrast til å rullera på desse frå år til år. Statsforvaltarar som ikkje har tilgang til mappa, skal ha fått tilsendt gjeldande versjon av eksamensoppgåvene via e-post. Spør oss eventuelt om tilgang.

Regelverk

Instruks til kommune og statsforvalter om utøvelse av delegert myndighet etter plantevernmiddelforskriften